Spenningsoppgradering, ikkje fleire forsyningsliner

Den tredje forsyningslina bør skrinleggjast.

Naturvernforbundet hordland logo med bakgrunn

Statnett vil byggje ei tredje forsyningslinje på 420 kV gjennom Nordhordland til Kollsnes. Deira føretrekte alternativ frå Samnanger over Osterøy, Alver og Askøy vil gi eit enormt naturtap i høve til den kortaste traséen gjennom Bergen over Eidsvåg og vidare med sjøkabel til Kollsnes – som Statnett har forkasta fordi konflikten med Bergen blir for stor. I staden betaler naturen og folket i Nordhordland prisen.

Ynsket om ny forsyningsline er basert på konsekvensutgreiinga (KVU) til meldinga som har vore på høyring, der Statnett vil legge til rette for ei auke i industriforbruket frå 750 MW til 1400 MW fram mot 2030.

Mykje tyder på at forbruksveksten vert lågare enn 650 MW, fordi fleire av industrireservasjonane kan bli fråfalle eller skalerte ned:

  • Elektrifisering av petroleumsinstallasjonane på sokkelen (utgjer ⅓ av industribehovet)
  • Datasenter på Haugsvær i Masfjorden (30 MW). 
  • Fullelektrifisering av Troll B og Oseberg er allereie skrinlagd. 
  • Det er også planane om produksjon av blått hydrogen på Mongstad. 

Dette tyder at ein nærmar seg eit lågscenario for forbruksvekst. Statnett opnar sjølv i nemnte KVU for spenningsoppgradering av sentralnettet framfor ei tredje forsyningsline, og slår fast at desse tiltaka vil vere tilstrekkeleg i eit slikt scenario.

Med dei høge kostnadene som må påreknast med ei 60-90 km lang line, dyre avbøtande tiltak og omfattande øydeleggande naturinngrep, står ei full og rask spenningsoppgradering av sentralnettet til 420 kV fram som eit langt betre alternativ for samfunnet. 

Naturvernforbundet Hordaland sitt standpunkt er difor at den tredje forsyningslina bør skrinleggjast. Om lina likevel blir tvunge gjennom, må Naturvernforbundet sitt høyringsinnspel med gjenbruk av eksisterande traséar og mest mogleg sjøkabel få høgste prioritet.


Uttalelse vedtatt på årsmøtet til Naturvernforbundet Hordaland 22. mars 2025.