Tid for å stoppe hyttebygginga
Dei siste fem åra har hyttebygging vore ei av dei drivande årsakene til 44.000 inngrep i norsk natur.

Noregs 473 000 fritidsbustadar dekkjer no eit areal som om lag tilsvarer Hardangervidda nasjonalpark, ifølgje Norsk institutt for naturforskning (NINA). Dei siste fem åra har hyttebygging vore ei av dei drivande årsakene til 44.000 inngrep i norsk natur. Hyttene har også utvikla seg til å bli mykje større, og gjerne med same fasilitetar som i ordinære bustadar.
Hyttebygginga fragmenterer naturen og skapar problem for dyra sine habitat. Ein stor auke i ferdsla forstyrrar dessutan mange fleire, både menneske og dyr, og gir auka luft-, støy-, lys- og klimaforureining.
Miljødirektoratet anslo gjenverande villmarksprega natur til 11,2 prosent i 2023. No er natur-prosenten ytterlegare redusert, mellom anna grunna 3.737 nye og 2.323 påbegynte hytter i fjor.
Naturvernforbundet Hordaland meiner at naturen som er igjen no må vernast, og krev full stopp i regulering av nye hyttefelt i Norge.
Uttalelse vedtatt på årsmøtet til Naturvernforbundet Hordaland 22. mars 2025.