Problem med dei smarte søppelbøttene?
Vel kva alternativ (A eller B) som stemmer for deg:
A) Ei eller fleire av bøttene lyser ikkje, eller det blå lyset blinkar
Om du fekk bøttene dine etter 26. juni, så er dei oppdaterte, og ein del av oppdateringa er at bøttene stort sett er i søvn-modus. Dei slår seg på kvart ca. kvart 20. minutt for å senda data til appen, og då vil lysa koma på. Men om du ser at bøttene stort sett ikkje lyser, så er det altså normalt – så lenge du får opp data i appen. Du kan òg trykka éin gong på send-data-knappen (kort trykk) og sjekka at lysa kjem på.
Om du fekk bøttene dine før 26. juni, og dei ikkje er oppdaterte, skal dei lysa konstant blått og grønt. Om det grøne lyset ikkje er på, kan du gjerne sjekka at leidning og plugg ikkje har blitt lause, eventuelt forsøka å plugga den i på nytt. Om det blå lyset blinkar, er det problem med internett-tilkoplinga. Om du ynskjer, kan du i så fall forsøka følgjande steg for å setta opp bøttene på nytt:
- Trekk ut leidningane på alle dei smarte søppelbøttene, og gjennomfør deretter dei neste stega for kvar bøtte, éi om gongen.
- Sett inn att straumleidninga. Det grøne lyset skal då lysa stabilt, og det blå lyset skal blinka. Om det blå lyset ikkje blinkar, kan du prøva å halda inne knappen i nokre sekund.
- På mobilen din skal det koma opp eit WiFi-nettverk som heiter ESP32AP/ ESP32APx, kopla deg til dette med passord: 12345678
- Opn ein nettlesar og skriv i adressefeltet: 192.168.4.1
- Då skal ei enkel oppsett-side koma fram. Trykk «set tare» og pass på at berre ei tom søppelbøtte står på vektdelen.
- Når du er ferdig med «set tare»-steget, skal det koma ein knapp som seier «calibrate scales» (eller noko i den duren). Finn fram noko du veit vekta på, set den oppi bøtta, skriv inn vekta i gram og trykk på «calibrate scales»-knappen.
- Når dette er gjort, skal du koma tilbake til den første sida der du kan velja nettverk. Vel då dykkar eige nett og kopla til. Om det fungerer, vil nettsida sei «connection successful».
- Søppelbøtta skal då lysa stabilt grønt og blått etter kort tid.
- Du kan prøva å trykka éin gong på «send data»-knappen på bøtta. Det kan ta mange timar før den byrjar å senda data til appen, men om det ikkje har skjedd innan 24 timar er det truleg noko feil, og bøttene må oppdaterast (sjå punkt B).
B) Både det blå og grøne lyset lysar stabilt, men det kjem ikkje opp data i appen (under profil, bla ned -> SmartBin), eller grafane ser merkelege ut
Det har vist seg at ein del av søppelbøttene som kom før 26. juni har dessverre nokre programvare-utfordringar. Dersom du fekk bøtter før denne datoen, og både det grøne og det blå lyset på bøttene dine lyser stabilt, men du likevel ikkje får opp data i appen (under profil, bla ned -> SmartBin), eller grafane ser merkelege ut, så skuldast det truleg at ei eller fleire bøtter treng å bli programvareoppdaterte. Dette er ein litt omstendeleg prosess som må gjerast manuelt, så me vil oppdatera bøttene som treng det på neste husbesøk i august/september. Dei av dykk som har hatt størst utfordringar med bøttene, vil få tilbod om oppdatering først.
I mellomtida kan de berre halda fram med å bruka søppelbøttene, for det kan henda at dei plutseleg fungerer igjen også, då nokre berre er litt ustabile.
Videre tidsplan for prosjektet:
Juni 2026 – Januar 2027: Deltakerne/husholdningene gjennomfører utfordringer i appen. De er valgfrie. Husholdningene velger selv hvor mye eller lite de vil delta på.
August/september 2026: Andre husbesøk: Spørreundersøkelse og individuelt intervju. Oppdatering av søppelbøttene som trenger det.
Januar/februar 2027: Tredje husbesøk: Spørreundersøkelse og gruppeintervju, innsamling av bøtter for de som ikke ønsker å beholde dem utover prosjektperioden.
Juni/august 2027: Fjerde og siste husbesøk for å evaluere prosjektet og om noen nye vaner har blitt sittende. Siste spørreundersøkelse.
Husholdningene som har fullført mottar honorar på 200 euro.


