Naturvernforbundet vil verne Aurstadfossen i Volda
I ein uttale til NVE går Naturvernforbundet i Møre og Romsdal mot den omstridte utbygginga av Aurstadelva i Møre og Romsdal. Det er levert søknad om ei utbygging som vil føre til tørrlegging av denne svært synlege fossen i Austefjorden i Volda. Søknaden innehalder også feilopplysningar om verneverdiane i vassdraget.