Utbygging av Urkeelva i Ørsta
Det som no skjer, er at typiske trekk ved sunnmørsnaturen forsvinn. Dette er trekk som nasjonalt og globalt er eineståande. Det er ikkje dei uvanlege naturelementa som er utsette for utrydding/ forvandling, men dei typiske. Det er frå desse dei kulturelle røtene våre spring ut. Det er desse vi nyttar i kunst og litteratur for å fortelje kven vi er, og det er desse vi nyttar for å få turistar og nye busetjarar til Sunnmøre. Naturvernforbundet ønskjer også å få "sanert" eksisterande veg.