Skogglede
Skogglede er eit prosjekt av Naturvernforbundet Sogn og Fjordane for å gi naturskogar og deira artar meir merksemd.
Terje Valen HoihjelleSkogprosjektet i Sogn og Fjordane
Våren 2025 starta prosjektet Skogglede. Målet er å gi skogen i Sogn og Fjordane meir merksemd ved å arrangere ulike aktivitetar og oppmode folk til å leggje merke til skogen som heilhet og alt den gjer for oss. Kvifor er dette viktig? Naturen i Noreg blir bygd ned i ein forrykande fart, og mykje naturskog går tapt. Når naturskogen forsvinn, mistar òg mange artar heimane sine. Heile 60 % av artane i Noreg lever i skogen, og dei trivst best i mangfaldige, livskraftige skogar.
På Vestlandet kan det verke som vi har rikeleg med skog, men ikkje all skog er lik. Nokre skogar er levande økosystem med eit rikt artsmangfald, medan andre er einsformige monokulturar som gir lite livsrom for artane. Mange artar er heilt avhengige av skogen som leveområde, særleg sopp, lav, mose og insekt. Fleire av desse artane er truga, og heile 48 % av alle raudlista artar i Noreg er heilt eller delvis avhengige av skog.
For å ta vare på skogen treng vi engasjerte frivillige som vil gjere ein forskjell. Når du blir med, er du med på å styrkje skogane våre – samtidig som du lærer mykje nytt om naturen og korleis vi saman kan ta vare på den i praksis. Arbeidet er meiningsfylt, sosialt og lærerikt – og ikkje minst gjev det mykje glede på vegen.
Kva er viktig med skogen?
Terje Valen HoihjelleSkogen treng meir merksemd for den viktige rolla den spelar i å ta vare på artane våre. Mange av dei artane vi har i Noreg, finst nettopp i skogen – særleg i gammal naturskog. Har du sett «Oppsynsmannen» på NRK med Bård Tufte Johansen? Der besøker dei både ein gammal skog og ein plantasjeskog. Forskjellen på artsmangfaldet er enorm, og det viser kor viktig det er å ta vare på gamalskogen.
Vi må òg bli meir bevisste på kva påverknad vi sjølve har når vi brukar skogen. Å lage stiar, bygge vegar, hytter eller bustader, kan skade skogen sitt økosystem. Når ein delar opp skogen i små bitar, kan det bli vanskeleg for mange artar å leve vidare der. Slike inngrep kan øydeleggje samanhengar i naturen som ikkje kan rettast opp att.
I Noreg bygger vi stadig meir ned natur. Utbygging er faktisk den største trusselen mot artsmangfaldet vi har. Når vi tek meir plass til oss sjølve, blir det mindre plass til naturen – og dermed skadar vi både dyra og plantene, men òg oss sjølve. Vi gløymer ofte at vi er ein del av naturen.
Terje Valen HoihjelleMange tenker at naturen er noko vi oppsøkjer – at den er langt unna i ein skog, og ikkje i nærleiken av bustadfelt, butikkar eller vegar. Men naturen er rundt oss heile tida. Ein hjort på plenen, eit pinnsvin drept av robotklipparen, ein frosk som blir køyrd flat, måkeungar på parkeringsplassen, svaner i vatnet ved stien – alt dette er natur som prøver å overleve saman med oss.
Om vi ikkje tek vare på skogen og lar artane trivast der, kjem dei til å forsvinne. Mange trur at «det gjer vel ingenting» å ta ein liten bit av skogkanten. Men slike små inngrep kan få store følgjer for heile samanhengen i skogen, og artar kan døy ut eller forsvinne frå området.
Kommunen forvaltar store område med skog og natur. Dei sit i førarsetet og har mykje ansvar. Blir det ikkje tatt gode avgjerder for verdiane vi har, så mister vi dei. Har vi kartlagt fleire artsrike område, kan vi snakke med kommunen og forklare at desse må dei ta vare på i neste planleggingsfase av arealefordelinga. Kanskje er det nærskogen du brukar mest som står for tur neste gong?
Jo, meir vi lærer om skogen og spreier kunnskapen vidare, jo betre kan vi verne den, endre haldningane våre og gjere politikarane meir merksame på kor viktig artsmangfaldet er.
Tips og innspel:
Har du informasjon eller ein gamal skog du vil kartlegge, få verna eller andre tips? Trykk på knappen under eller send oss ein epost med emnet «skog tips»
sognogfjordane@naturvernforbundet.no
Sponsorar for prosjektet i 2025
Prosjektet er ein del av den nasjonale skogsatsingen Skogen- mer enn bare trær.
