Zephyr AS har kome med nye vindturbinplasseringar for Guleslettene industriområde. Dei er dramatisk endra i høve konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga.
Dersom du ikkje har fått med deg at det står dårleg til på kloden vår, lever du i ein draum. I ein nyleg publisert vitskapleg artikkel har 16 000 forskarar skrive under på konklusjonen om at vi er inne i ei skjebnetid, og at det trengst ei vesentleg omlegging av vår sivilisasjon før problema eskalerer ut av kontroll. Verken meir eller mindre, og jobben må starte i dag, ikkje om nokre år.
Vi har trekt dei første vinnarane i Kystlotteriet i Sogn og Fjordane. Ein av dei heldige vinnarane er Sunnfjord Folkehøgskule, som rydda plast og vann til saman 4 000 kroner. Skulen er knytt til Kamam Folk High School på Sri Lanka, som vart opna i 2014, og pengane vil gå til dette bistandsprosjektet. (Sjå foto nederst)
JAAA. Vi har klart det! Det VERT ei permanent premiering for strandrydding i nesten heile Sogn og Fjordane i løpet av juli - om vi får med dei tre siste kommunane. OG; alle som har meldt inn strandryddeaksjonar i SUM-kommunane skal få panten sin.
Har du parafinkamin eller oljefyr til oppvarming? Du kan spare pengar på å gå over til fornybar energi og samstundes gjere ein miljøinnsats.
I løpet av nokre få veker har Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane betalt ut 100 kroner pr sekk søppel, sanka på strender og andre stader.
18.00: Filmen «A Plastic Ocean» 19.50: «I samme båt» v Børje Møster 20.15: «Zero Waste» v/Kristine Ullaland 21.00: Kvar står dei politiske partia i Flora kommune? Programleiar: Marit Bendz, fylkessekretær i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Naturvernforbundet i Sogn og fjordane inviterer til ope seminar med dialog, debatt og inspirasjon! Tidspunkt: Laurdag 25. mars 2017, kl. 14.00. Stad: Hafstad vidaregåande skule, Førde.