Ros til banktilsette som satsar på miljø – Utfordringa går til andre bankar
Dei tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner det er naudsynt å ta omsyn til miljøet og vil sjølve gjere ein klimainnsats. Dei vil både køyre mindre bil, reise mindre med fly, og bruke mindre straum, melder bladet Firda. - Eit flott tiltak med stor signaleffekt, seier Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund. - Med dette har Sparebanken Sogn og Fjordane sendt ei utfordring til andre bankar. Den hansken har vi tru på at dei tar. Fleire bankar har vori i kontakt med oss og bedt om miljøråd tidlegare. Nå har dei fått eit nyttig døme på kva dei kan gjere i praksis.