Klage på vedtak om nytt utsleppsløyve for Washington Mills
Washington Mills produserer silisiumkarbid og produkt av silisiumkarbid. Bedrifta søkte om revidert utsleppsløyve, og Naturvernforbundet i Orklaregionen leverte høyringsuttale til søknaden. Vi ville mellom anna ha redusert utslepp til sjø og at det blir innført reinsing av gass og støv frå smelteomnane på line med dei krava som er stilte til konkurrenten, Saint Gobain i Lillesand. Miljødirektoratet gav nytt utsleppsløyve i februar 2019 og vi var spesielt misfornøyde med at det vart gjeve løyve til kva vi ser på som store utslepp av tungmetall til Skjenaldelva og Råbygdsfjæra. Vi har difor klaga på vedtaket.