Foto: Eivind Dahle Sjåstad, Hardanger Folkeblad

Bak inngrepet sto det lokale selskapet Langedalen AS, som bygde vegen som fundament for skiløype. Det er fleire andre løyper i området, og den nye skulle vera ei utviding opp i høgare terreng. Etter påtrykk frå mellom andre Naturvernforbundet i Hardanger, gjorde Ullensvang kommune etterkvart ei undersøking av saka. Ein tilsynsrapport kom omsider på bordet, med ein klar konklusjon: Tiltaket er gjort utan nødvendige løyve. Selskapet på si side hevdar å ha fått klarsignal frå kommunen nokre år tilbake, at dette skulle vera kurant å iverksetta utan vidare søknadsprosess. Men kommunen er klare på at vegen slik han framstår i dag, absolutt krev løyve, og dersom selskapet har fått noko form for klarsignal tidlegare, må det ha vore til eit langt mindre tiltak. Der står saka per i dag. Kommunen har varsla mogleg tvangsbot, og fått varsel om mogleg rettsak i retur. Les Hardanger Folkeblad sin fyldige artikkel om saka, som òg lenkar til andre oppslag.

Parallelt med sjølve saka, har Naturvernforbundet i Hardanger knuffa med kommunen om dokumentinnsyn. Særleg gjeld dette referat frå eit møte mellom kommunen og Langedalen AS no i vinter, der dei så vidt vi forstår prøvde å avklara posisjonar og drøfta moglege løysingar. Forbundet reknar seg som ein motståande part i saka, som neppe ville støtta tiltaket dersom ein fekk koma til med innspel frå start av. Ein må i det minste forventa vanlege utgreiingar av naturverdiane som råkast. No som skaden «først har skjedd» er forbundet bekymra for at kommunen strekker seg for langt for å hjelpa løypeselskapet ut av «knipa». Det er difor prinsippielt viktig å få innsyn i alle saksdokumenta. Etter fleire klager snudde kommunen nyleg og ga forbundet tilgang til referatet.

Referatet er stikkordsmessig og inneheld ingenting dramatisk nytt i høve til det som er kjent frå før. Klaus Rasmussen, leiar i Naturvernforbundet sitt lokallag, er likevel uroa over tonen i nokre formuleringar. Avslutningsvis heiter det td at Partene er enige om å arbeide for å finne løysing. Rasmussen skriv mellom anna dette i eit oppfølgande brev til kommunen: I saker med flere parter og motstridende interesser skal veiledningen [frå kommunen] gis på en måte som ikke gir grunn til å tvile på organets objektivitet. Forvaltningen må unngå å gi forhåndsuttalelser eller tilsagn om myndighetsutøvelse. (…) En eventuell ettertidig byggesøknad må vurderes og saksbehandles ihht. de saksbehandlingsfrister som gjelder, men det er allerede noen år siden vegen ble etablert. Det i seg selv er ikke grunnlag for kommunen å se «enklere» på saksforholdet, søknadsplikt etter plan- og bygningsloven er ikke underlagt foreldelse. [Vi] mener tiltaket må tilbakeføres slik det var.

Foto: Eli Lund, Hardanger Folkeblad
Klaus Rasmussen, styreleiar i Naturvernforbundet Hardanger.

Naturvernforbundet følger saka vidare.