Halvparten av Hordfast skal betalast med bompengar
Kan kosta 7-800 kr per passering. – Det vil skremma så mange frå å køyra vegen at finansieringsgrunnlaget for heile prosjektet blir dramatisk svekka, seier nestleiar Tom Skauge i Naturvernforbundet Hordaland.

Ei Hordfast-utbygging vil ikkje berre øydelegga den særeigne naturen på Reksteren og Tysnes og skjergarden i Søre Øyane. Ifølgje nye anslag frå Statens vegvesen vil det også bli svimlande dyrt å køyra over gigantbrua, kanskje så mykje som 7-800 kr per passering. Heile 17,4 milliardar kroner av prislappen på 36,7 milliardar skal betalast av bilistane.
– Vegvesenet prøver seg med ein gigantisk bompengebløff, seier nestleiar i Naturvernforbundet Hordaland, Tom Skauge, til NRK. – Over 17 milliardar kroner i bompengar vil gi mykje dyrare passering enn dagens ferjebillett.
Har pendlarane som skal rettferdiggjera Hordfast-utbygginga råd til å betala 7-800 kr i bompengar kvar dag? Viss ikkje, kva vil skje med trafikkgrunnlaget som Statens vegvesen legg til grunn for heile Hordfast, som føreset ein kraftig auke i bilismen?
Dei skyhøge bompengekostnadane er etter Naturvernforbundet Hordaland sitt syn endå eit argument for at Hordfast må skrinleggast.
Lurer du på kva slags samferdselsutvikling Naturvernforbundet Hordaland jobbar for?
Les vårt innspel til Nasjonal Transportplan 2022-2033 og vår første visjon for Gode, grønne Bergen 2030.


