Støttemarkering for Førdefjorden
Bli med og vis di støtte til Førdefjorden! Vi samlar oss utanfor Gulating lagmannsrett før retten skal behandle kravet om dumpestans i Førdefjorden.

Måndag 23. februar startar rettsaka der Gulating lagmannsrett skal behandle kravet om å forby Nordic Mining å dumpe gruveavfall i Førdefjorden så lenge Fjordsøksmålet pågår.
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom inviterer til ei felles markering med appellar og Fiskesuppe utanfor Gulating lagmannsrett i Bergen (Gulatings plass 1, like ved Kaigaten bybanestopp). Endeleg program kjem etter kvart.
Bli med og støtt opp om kravet om ein rein Førdefjord!
Få også med deg…
På kvelden blir det After Court. Kulturelle innslag og basar fra kl 17.30 til støtte for Førdefjorden.
Artikler fra Hordaland

Kinkig naturinngrep på Seljestadfjellet
Hausten 2024 skreiv Hardanger Folkeblad om ein ny veg som hadde dukka opp i fjellet sør for Odda. Bekymra turgåarar undra seg på kva dette var for noko. Saka har no utvikla seg til ein kinkig strid mellom Ullensvang kommune og utbyggaren, med Naturvernforbundet som sidespelar og pådrivar for innsyn og seriøs sakshandsaming.


