Full seier i Tryglavik

Fleirtalet i Ullensvang kommunestyre å skrinlegga planen om industriområde i Tryglavik.

Etter lang og god innsats frå lokallaget vårt i Hardanger, med god hjelp frå nokre snublesteinar i den politiske prosessen, valde fleirtalet i Ullensvang kommunestyre å skrinlegga planen om industriområde i Tryglavik, Jondal.

Det var Lisa Karine Haugland (Raudt) som fremma forslaget om skrinlegging, som alternativ til rådmannens forslag om vidare satsing. Ho er òg aktiv i NNV Hardanger. I forslaget hennes låg det vidare at evt nye næringsareal må avklarast i kommuneplanens arealdel, då slik at det ikkje kjem i konflikt med naturverdiar. Tryglavik var avsett til næringsareal i den siste kommuneplanen i den gong Jondal kommune, men utviklinga har stoppa opp grunna krøll på næringslivsida. I oppgjerets time hadde kommunen allereie brukt 3,6 millionar på saka (kun papirarbeid), men no vart det stor uvisse om kor forsvarleg det er å gjera større offentlege investeringar i infrastruktur. Samtidig er altså den nye kommunen i gang med sin første samla kommuneplan, og fokuset på naturtap har auka betydeleg. Alt i alt førte dette til at 18 mot 15 representantar vedtok å skrinlegga det Lisa Karine Haugland omtalte som eit luftslott.

Sjå omtale i Hardanger Folkeblad.