Kinkig naturinngrep på Seljestadfjellet

Ny veg utan nødvendige løyve.

Foto: Eivind Dahle Sjåstad, Hardanger Folkeblad
Foto: Eivind Dahle Sjåstad, Hardanger Folkeblad

Hausten 2024 skreiv Hardanger Folkeblad om ein ny veg som hadde dukka opp i fjellet sør for Odda. Bekymra turgåarar undra seg på kva dette var for noko. Saka har no utvikla seg til ein kinkig strid mellom Ullensvang kommune og utbyggaren, med Naturvernforbundet som sidespelar og pådrivar for innsyn og seriøs sakshandsaming.

Bak inngrepet sto det lokale selskapet Langedalen AS, som bygde vegen som fundament for skiløype. Det er fleire andre løyper i området, og den nye skulle vera ei utviding opp i høgare terreng. Etter påtrykk frå mellom andre Naturvernforbundet i Hardanger, gjorde Ullensvang kommune etterkvart ei undersøking av saka. Ein tilsynsrapport kom omsider på bordet, med ein klar konklusjon: Tiltaket er gjort utan nødvendige løyve. Selskapet på si side hevdar å ha fått klarsignal frå kommunen nokre år tilbake, at dette skulle vera kurant å iverksetta utan vidare søknadsprosess. Men kommunen er klare på at vegen slik han framstår i dag, absolutt krev løyve, og dersom selskapet har fått noko form for klarsignal tidlegare, må det ha vore til eit langt mindre tiltak. Der står saka per i dag. Kommunen har krevd oppretting og varsla mogleg tvangsmulkt, og fått varsel om mogleg rettsak i retur. Les Hardanger Folkeblad sin fyldige artikkel om saka, som òg lenkar til andre oppslag.

Parallelt med sjølve saka, har Naturvernforbundet i Hardanger knuffa med kommunen om dokumentinnsyn. Særleg gjeld dette referat frå eit møte mellom kommunen og Langedalen AS no i vinter, der dei så vidt vi forstår prøvde å avklara posisjonar og drøfta moglege løysingar. Forbundet reknar seg som ein motståande part i saka, som neppe ville støtta tiltaket dersom ein fekk koma til med innspel frå start av. Ein må i det minste forventa vanlege utgreiingar av naturverdiane som råkast. No som skaden «først har skjedd» er forbundet bekymra for at kommunen strekker seg for langt for å hjelpa løypeselskapet ut av «knipa». Det er difor prinsippielt viktig å få innsyn i alle saksdokumenta. Etter fleire klager snudde kommunen nyleg og ga forbundet tilgang til referatet.

Referatet er stikkordsmessig og inneheld ingenting dramatisk nytt i høve til det som er kjent frå før. Klaus Rasmussen, leiar i Naturvernforbundet sitt lokallag, er likevel uroa over tonen i nokre formuleringar. Avslutningsvis heiter det td at Partene er enige om å arbeide for å finne løysing. Rasmussen skriv mellom anna dette i eit oppfølgande brev til kommunen: I saker med flere parter og motstridende interesser skal veiledningen [frå kommunen] gis på en måte som ikke gir grunn til å tvile på organets objektivitet. Forvaltningen må unngå å gi forhåndsuttalelser eller tilsagn om myndighetsutøvelse. (…) En eventuell ettertidig byggesøknad må vurderes og saksbehandles ihht. de saksbehandlingsfrister som gjelder, men det er allerede noen år siden vegen ble etablert. Det i seg selv er ikke grunnlag for kommunen å se «enklere» på saksforholdet, søknadsplikt etter plan- og bygningsloven er ikke underlagt foreldelse. [Vi] mener tiltaket må tilbakeføres slik det var.

Foto: Eli Lund, Hardanger Folkeblad
Klaus Rasmussen, styreleiar i Naturvernforbundet Hardanger.

Naturvernforbundet følger saka vidare.