Planarbeidaren

Jan Nordø brenn for at fleire skal arbeide med kommuneplanar tidlegast mogleg, før bit-for-bit-nedbygginga av naturen tek til.

Foto: Øystein Økland
Foto: Øystein Økland

Jan Nordø

Rolle: Leiar i Naturvernforbundet Nordhordland.
Alder: 71
Sivilstand: Gift
Bustad: Hoplandssjøen, Austrheim.
Utdanning: Lektor med hovudfag i Geografi ved Universitetet i Bergen.
Yrke: Pensjonist. Tidlegare lektor (29 år) ved Austrheim vidaregåande skule. Energirådgjevar i Hordaland fylkeskommune.
Politisk karriere: Har tidlegare representert Bygdelista i kommunestyret i Austrheim kommune. Står no på Samlingslista.
Medlem i Naturvernforbundet sidan 1988 og leiar i Naturvernforbundet Nordhordland sidan 2009. Eit medlemskap med avbrekk, sidan Austrheim Naturvernlag i solidaritet med eksklusjonen av Kurt Oddekalv i 1993, marsjerte ut av Naturvernforbundet i samla flokk og vidareførte Austrheim Naturvernlag som sjølvstendig lag utan organisasjonstilknytning. Jan var leiar i Austrheim Naturvernlag, men melde seg inn igjen i Naturvernforbundet i byrjinga av 2000-talet.

Kva er den viktigaste saka for Naturvernforbundet Nordhordland akkurat no?

Det er utan tvil den tredje forsyningslinja for kraft, Statnetts planlagte 420 kV høgspentlinje mellom Samnanger og Kollsnes. Vi brukar mykje tid og ressurser på planane for den tredje forsyningslinja. Vi utfordrar Statnett på behovet for ei tredje forsyningslinje og krev utgreiing av alternative traséar og vurdering av oppgradering av eksisterande høgspentlinje.

Jan Nordø, Naturvernforbundet Nordhordland, Tredje forsyningslinjeFoto: Øystein Økland

Korleis jobbar de politisk med sakene?

Eg er oppteken av at vi er proaktive og kastar oss inn i det faglige og politiske så tidleg som råd er. Det er heilt avgjerande for Naturvernforbundet å ha kompetanse og vilje til å arbeida med planar for å få gjennsomslag. Eg er veldig begeistra for haldningsskapande arbeid, som til dømes gjenbruk og Klesbytedagen. Men skal vi få gjennomslag politisk, er vi nøydde til å gå inn i planarbeidet i mykje større grad. Hvis vi ikkje bryr oss om planverket, så tapar vi. Det er jo nettopp i planverket at bit-for-bit-nedbygginga av naturen startar. Vi må påverka fagavdelingane og politikarane, og bygga nettverk. Vi må bruka masse tid på høyringar, for eksempel. Eg meiner vi også må bygga meir planfagleg kompetanse i Naturvernforbundet. Vi må læra oss å jobba med planar. Det er kjedeleg arbeid, men samstundes veldig viktig.

Kva er du mest stolt av?

Vi har saman med Mattilsynet, Statsforvaltaren, Kystdirektoratet og ikkje minst folkeaksjonar, medverka til at planar for etablering av tre store oppdrettsanlegg er stoppa. Anlegg som ville vore ein katastrofe for villaksen.

Eg må også trekka fram at vi saman med gode samarbeidspartnarar no ser ut til å ha klart å stansa vidare arbeid med reguleringsplanen for Øksnesmarka i Austrheim.

Foto: Ola Moen

Vindkraftplanane på Fedje medverka vi også til å stansa. Gjennom prosjektet Rydd ein holme har vi med millionstøtte frå Statsforvaltaren reinska store område for sitkagran og restaurert lynghei. Vi har vore medarrangør av «Bevaring gjennom skjøtsel»-dugnadene på Rapeneset. Vil også nemna at vi i samarbeid med Greenpeace har medverka til at eksporten av miljøskadeleg oljeavfall frå Mongstad til Danmark er stansa.

Kva er du mest skuffa over?

Det er at bit-for-bit-nedbygginga av naturen ser ut til å halda fram. Det er for mange entreprenørar, eller «nessekongar» som eg kallar dei, som i altfor stor grad får gjennomslag og dispensasjonar for sine byggeplanar og prosjekt. Dei har så stor påverknadskraft at dei vert lytta til i langt større grad enn oss naturvernarar. Vi blir ikkje så viktige.

Steinbruddet på Eidsnes, Alver, NordhordlandFoto: Synnøve Kvamme

Eit skrekk-døme her i Nordhordland er steinbrotet på Eidsnes. Den opphavelege planen på Eidsnes var etablering av ulike næringsverksemder, men prosjektet står nå fram som eit gigantisk, uoppretteleg sår i naturen. Ein steinørken midt i eit verneverdig område med kystfuruskog, og eit mykje brukt friluftsområde. Uttaket og utskiping av stein har pågått i nær 10 år, men her er ingen næringsverksemder som var den opprinnelege planen. Eit grelt eksempel på dårleg planlegging.

Det er stadig fleire som støttar og melder seg inn i Naturvernforbundet. Er det vekst i medlemstalet i Nordhordland også?

Totalt har vi fått 90 nye medlemer sidan 1.1.2024. Dette er nye medlemer som har meldt seg inn i ein periode der vi for alvor har jobba med den tredje forsyningslinja.

Mange av desse nye medlemene er også medlemer i Folkeaksjonen Nei til monstermaster. Pr i dag har vi 264 medlemer. Vi har først og fremst jobba politisk med saker som folk i Nordhordland er opptekne av, og som også gjer sitt til at Naturvernforbundet har fått fleire tilhengjarar.

Har du råd og tips til andre lokalagsleiarar i Naturvernforbundet?

Eit godt samansett styre som kompletterer kvarandre, er sjølvsagt viktig. Men ein suksessfaktor som eg meiner betyr aller mest, er arbeidet med plansaker. Mitt råd er å prioritera arbeidet med kommuneplanane. Er du glad i naturen og biologiske mangfald, du som styreleiar i eit lokallag i Naturvernforbundet prioritera arbeidet med kommuneplanar og bygga kompetanse på dette feltet. Bruk mykje tid på høyringar!

Kva for informasjonskanalar meiner du bør prioriterast?

Vi kunne gjerne brukt sosiale medier, som t.d. Facebook, i større grad. Vi har derimot valt å aktivt skriva debatt- og lesarinnlegg i lokalavisene Strilen og Nordhordland. Minst eitt innlegg i månaden; sjølvsagt avhengig av at det er aktuelle saker som opptek innbyggjarane her. Og så er det ein styrke for oss å ha gode kontaktar i avisredaksjonar som t.d. Bergens Tidende. Vi legg også stor vekt på å arrangera folkemøter. Før stortingsvalet arrangerte vi eit valmøte om energi og natur i Knarvik der store delar av Hordalandsbenken stilte.

Kva verdi har naturen i Nordhordland for deg?

Den sterke interessa for naturen har eg frå barndommen min. Far min tok meg og syskena mine med på tur i byfjella i Bergen kvar einaste søndag då eg vaks opp i Bergen. Fløyen, Rundemannen, Tippetue – eg elska det. Seinare fekk vi hytte i Austrheim, og ferietida på hytta gav meg ein ekstra glød for natur og opplevingar i naturen. Ulriken og Vidden blei populære turmål i tenåra og i vaksen alder, på eigen hand eller med kameratar. Men kjelketurane med far i susande fart ned Tippetue gløymer eg aldri.

Hvis du skal tilby gjestane dine den aller vakraste naturopplevinga i Nordhordland, kvar tek du dei så fall med?

Å, det må bli ut til skjergarden utanfor Austrheim. Der vil dei også få oppleva favorittfuglane mine: tjelden, makrellterna og raudnebbterna.

Naturverneren

I denne spalten heier vi på ildsjelene i Naturvernforbundet, som på ulike måter bidrar de til å ta vare på naturen. De fortjener å bli sett, og deres erfaringer kan være til inspirasjon for mange.