Største klimademonstrasjon i Bergen nokon gong

Minst 3000 ungdommar fylte i dag Torgallmenningen i Bergen sentrum for å protestera mot manglande klimahandling frå politikarane. – Me er bekymra for framtida vår og krev handling, sa leiar i Hordaland Natur og Ungdom, Vilja Helle Bøuym, til NRK.

Optimismen og kampviljen var til å ta og føla på i Bergen sentrum i dag. Tusenvis hadde stilt opp for å gje eit klart signal til Noregs politiske leiing: det vert ikkje gjort nok for å stoppa dei alvorlege klimaendringane, det er for langt frå ord til handling! «Skjerp dåkkar», stod det på ein av plakatane skuleelevane hadde med, på ein annan stod det «tenk på vår framtid». Etter appellar og ei rekke musikkinnslag, gjekk dei fleire tusen frammøtte i protestmarsj rundt Lille Lungegårdsvann – toget vart så langt at det nådde rundt heile vatnet og vel så det.

«Klimaopprøret i Bergen» stod bak demonstrasjonen: ein allianse som består av Naturvernforbundet Hordaland, Natur og Ungdom Hordaland, Framtiden i våre hender Bergen, Studentparlamentet ved UiB, ei rekke ungdomsparti med fleire. På Naturvernforbundet Hordaland sitt årsmøte no på laurdag, diskuterer me kva som vert vegen vidare for klimaopprøret etter i dag. Vel møtt!

Les meir om dagens klimademonstrasjon her:

Artikler om klima