Naturvernforbundet har fått eit tips frå ein person som ønskjer å vere anonym, om brenning av avfall i Vanylven.
Hydro Aluminium Sunndal gjekk 762 millionar i overskot første halvår. Det har vore den gode meldinga denne veka. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal tykkjer det kan vere greitt å informere om eit par andre sider av saka også:
Tingvoll kommune har vedteke lokal forskrift om spreiing av husdyrgjødsel. Naturvernforbundet i Tingvoll meiner vedtaket opnar for vassforureining, og klagar vedtaket inn for Fylkesmannen.
Etter ein lokal debatt i Tingvoll om spreiing av husdyrgjødsel ber Naturvernforbundet om at reglane for lagring og spreiing av husdyrgjødsel blir endra.
- Naturvernforbundet meiner offentleg støtte til næringsutvikling bør nyttast til utvikling som sikrar lågare klimagassutslepp. Auka flytrafikk gir auka forureining. Dette seier leiar Øystein Folden i ein kommentar til at Møre og Romsdal fylke har vil subsidiere Ryanair med 3 mill kr. Naturvernforbundet klagar no subsidiane inn for overvakingsorganet til EFTA, ESA.
Naturvernforbundet har utfyllande kommentarar til søknaden om bygging av kraftverk i Botnaelva i Volda.
Naturvernforbundet og Norsk Ornitologisk forening (NOF) har saman klaga på ein reguleringsplan for Vindøldalen. Planen er frå 2005, men han er i strid med kommuneplanen og utarbeidd utan at miljøvernorganisasjonane har blitt høyrd i saka.
Det var interessant å lese innlegget frå Bjørner Ørstad, leiar i Tingvoll landbruksråd. Han skildrar rutinane til bonden slik dei ser ut frå traktorsetet. Det kan sjå ut til at det normale er å spreie møkka eit langt stykke ut i september, etter at alt er ete og hausta. Naturvernforbundet blei i grunnen meir uroa etter dette. Kanskje var det vågalt av oss å setje vår lit til bøndene når politikarane svikta?
Ordførar Reinset er klar i si tale. Så veit vi i alle fall kva han meiner. Naturvernforbundet har hatt gleda av å høyre grunngjevinga han har for sitt syn. Vi er svært langt på veg samde, men når konklusjonen skal trekkast, kjem vi heilt ulikt ut. Det er interessant.
Økokommunen Tingvoll har ein del politikarar som har gløymt biologikunnskapane og "føre var"-prinsippet. Vedtaket av lokal føresegn om gjødselspreiing var eit retteleg møkkavedtak. Naturvernforbundet set sin lit til at bøndene sjølve kan praktisere dette ut frå biologiske omsyn, slik at ikkje naturgrunnlaget i kommunen tar ytterlegare skade.