Mandag 6. februar kl. 1200 har Naturvernforbundet møte med Olje- og energidepartementet i Oslo for å diskutere vår klage på NVEs konsesjonsvedtak i Kvanndøla-saken i Rauma.
Årsmøtet blir torsdag 16. mars kl. 19 på Åndalsnes.
Naturvernforbundet har sett på søknaden om konsesjon for Haram vindkraftverk på Flemsøya og Haramsøya. To av alternativa er uansett uakseptable, meiner Naturvernforbundet. Det siste alternativet er ikkje godt nok utgreidd til at det er mogleg å ta stilling til det.
Naturvernforbundet ber dei som søkjer om å byggje ut Erga i Sunndal om å avslutte arbeidet og trekke søknaden. - Dette er eit av dei viktigaste vassdraga vi har att, seier fylkesleiar Øystein Folden. Når det gjeld søknadene om utbygging av Ljøsåa og Usma har Naturvernforbundet også mange kritiske kommentarar.
Naturvernforbundet er kritiske til ein foreslått reguleringsplan på Vike i Stranda. Bakgrunnen er dei foreslåtte inngrepa i strandsonen.
Som ein reaksjon på at Møre og Romsdal fylke vurderer å etablere ei tilskotsordning for å få auka bruk av gass, ber Naturvernforbundet og Bondelaget i fylket i eit samla brev til fylket om at ei slik tilskotsordning i staden fremjar varme. Dette vil gi betre konkurranseforhold for meir miljøvennleg bioenergi.
Årsmøtet blir mandag 20. mars kl 2045. Årsmøtet holdes i Naturvernforbundets lokaler i fjerde etasje i Storgata 50 i Molde (rett bak Bussholdeplassen).
Naturvernforbundet i Sunndal har årsmøte torsdag 2. mars kl. 1830 Norlandia Sunndalsøra hotell. Kl. 1930 same dag og stad blir det temamøte om vasskraftutbygging. Innleiing ved fylkesleiar Øystein Folden.
Norges Naturvernforbund har klare innvendinger mot Møre og Romsdal fylkes forslag til verneplan for Smøla. - For mange kompromisser er inngått med landbruks- og havbruksinteressene, sier generalsekretær Tore Killingland.
- Her gir NVE løyve til ytterlegare rasering av natur i Møre og Romsdal. Naturvernforbundet vil ta opp denne saka med olje- og energiminister Odd Roger Enoksen snøggast råd, seier leiar i Naturvernforbundet i fylket, Øystein Folden.