Når kleda ikkje passer lenger, men er både fine og brukbare, kva gjer ein då? Kleproduksjon er ikkje særleg bra for klima, så det er om å gjere at klede blir bruka tida si ut. Difor blir det no høve til å bytte klede.
Når ein skal gjere noko i naturen, då må ein rekne med at ein skal gjere vurderingar etter naturmangfaldlova. Det har Tingvoll kommune gløymt. Dermed er vedtaket ugyldig.
Konsesjonen for Gryttenvassdraget er frå 1970. Det er tid for å sjå på denne konsesjonen på nytt.
Naturvernforbundet i Tingvoll har årsmøte. Det er uvisst no om årsmøtet blir med fysisk oppmøte eller digitalt. Nærare informasjon kjem på denne sida. Sakspapir blir lagt ut her så snart dei er klare.
Innkalling blir sendt på e-post og i post til dei som ikkje er registrert med e-postadresse. Innkallinga finn du også som vedlegg her.
Det meste du trenger å vite om årsmøtet vil du etter hvert finne her.
Når ein har ein sti i utgangspunktet er det totalt misforstått at ein skal reparere denne ved å bygge ein veg. Å lage ein veg opp etter lia frå Leikongsetra vil vere å øydelegge ein sti. Det må kommunen seie nei til. Det går fint an å punktutbetre ein sti slik at ein lettare kan passere våte parti.
Kan det vere at tilgangen til areal for friluftsliv blir vanskelegare når vegane blir rusta opp? Kor mykje skal til for at friluftslivet får enklare tilgang til friluftsareal? Dette har Naturvernforbundet undersøkt langs riksveg 70 mellom Skjevlingsnes og Ålvundfossen. Går ein gjennom rapporten og vedlegga, så finn ein kanskje det mest hemmelege veg - og sjønære friluftslivsarealet i Tingvoll. God tur!