Naturvernforbundet fulgte tømmer fra Follsjå til Bø

Moelven Telemarksbruket er et av sagbrukene som tar i mot tømmer fra hogstene i Follsjå

Torsdag 9. juli aksjonerte Naturvernforbundet i Notodden for å lete etter tømmer fra hogstene i Follsjå, her er saken Halvor Ulvenes i Varden skrev: 

Vil verne unik skog i Telemark: Fann art som dei trudde forsvann for over 100 år sidan

Dei trudde borkbilla hadde døydd ut for over 100 år sidan, men fann den igjen i den unike skogen i Telemark. No demonstrerer naturvernarar mot dei meiner er rasering av skogen på Follsjå.

Dei krev hogststopp. Ved Follsjå i Notodden er det nemleg gjort nær 2.000 funn av 80 raudlista artar. Ifølgje Naturvernforbundet er skogen unik både i Noreg og Norden. Torsdag aksjonerte åtte representantar for forbundet på Telemarksbruket i Bø mot at urskogen blir selt som miljøvenleg tømmer. Der fann dei furustokkar frå tre leverandørar i Follsjå-området.

Lita bille

Blant funna frå Follsjå er ei lita borkbille som ekspertane trudde var utrydda for over 100 år sidan. Aftenposten omtala òg Follsjåskogen i ein stor artikkel tidlegare i år. Der blir det vist til at den vesle borkbilla er så sjeldan at den ikkje har fått namn på verken engelsk eller norsk. Billa har latinsk namn — Orthotomicus longicollis. Den er funne berre ein gong tidlegare i Noreg, for vel 100 år sidan. Artsdatabanken har slege fast at arten — som no er funnen i Follsjå — for lengst er utrydda, ifølgje denne Oslo-avisa.

Full stopp

No krev Naturvernforbundet at skogen får stå inntil det er gjort fagbiologiske registreringar i heile området av kompetente personar.

Kommunikasjonsrådgjevar i Naturvernforbundet i Oslo og Akershus, Tina Carina Laurendz, var med på aksjonen torsdag.

— Det som er oppdaga ved Follsjå er omtrent som å finne Osebergskipet på nytt, seier ho i ein kommentar til Varden. Ho er fornøgd med aksjonen i Bø og seier at aksjonistane fekk ei god mottaking på Telemarksbruket

Overraska

Dagleg leiar ved Telemarksbruket, Ole Grimsgaard, seier til Varden at han er overraska over besøket.

— Vårt krav er at aksjonistane respekterer tryggleiken og brukar hjelmar. Alt tømmer me kjøper er sertifisert. Telemarksbruket har ein open profil, så derfor fekk Naturvernforbundet kartlegge og fotografere det dei ønskte. Eg vil ikkje ta standpunkt til aksjonen, men me jobbar for berekraft, seier Ole Grimsgaard.