”Kampen om fjordane» til Eurodok

Arrestasjonen av bunadskledde Synnøve Kvamme blei sjølve symbolet på mastemotstanden i Hardanger. Synnøve er villig til å gå i fengsel for å redda naturen i heimbygda. Dette er Davids kamp mot Goliat. Ikkje sidan protestane mot utbygging av Altaelva, har eit naturinngrep blitt møtt med så sterke reaksjonar. Det som starta som ein kamp for urørt natur utviklar seg til å bli ein kamp for sjølve demokratiet.

Filmen er ein av tolv norske filmar som er plukka ut blant det beste innan norsk og europeisk dokumentarfilm. “Filmene i jubileumsprogrammet gjenspeiler samfunnet vi lever i akkurat nå, og forteller alle sterke og engasjerende historier om mennesker i Europa og Norge i dag”, heiter det i Eurodok programmet.

«Ein sterk dokumentar om makt og motmakt i kampen for å ta vare på norsk natur», seier Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet.

«Sjå ”Kampen om fjordane” og bli så bekymra for manglande demokrati, maktarroganse og maktovergrep som du innerst inne hadde ei kjensle av at du burde vera. Skakande!», seier journalist og programleiar Linda Eide.
 

Kampen om fjordane hadde internasjonal premiere under DocPoint i Helsinki i januar, og er no klar for Oslo og Eurodok før filmen fortset på festivalar, utvalde kinoar og i debattforum. Torsdag 3. mars er det visning og debatt i Førde med Synnøve Kvamme og regissør Vigdis Nielsen, arrangert av Natur og Ungdom og Naturvernforbundet.

Filmskapar Vigdis Nielsen, som også regisserte dokumentarfilmen ”Olav H. Hauge – den andre mannen”, har laga ei gripande filmforteljing om folk sin kjærleik til fjord og fjell. ”For meg var det viktig å sjå historia frå Hardanger og syna korleis folk her opplevde vedtaket og prosessane etterpå”, seier Vigdis Nielsen, som sjølv kjem frå Ulvik i Hardangerfjorden.

«Jeg blir provosert når «makta» tar seg til rette, og overkjører naturvern, lokalsamfunn og folk for kortsiktig profitt, slik de nå også holder på i Førdefjorden», seier Nils Petter Molvær som har komponert musikken til filmen.

Bilder (høy oppløsning) kan lastes ned herfra: http://www.hardingfilm.no/the-fight-for-the-fjords

Kontaktinfo:

Geir Netland, produsent: 900 38 286, gnetland@broadpark.no

Vigdis Nielsen, regissør:  902 01 588, vigniels@frisurf.no

Synnøve Kvamme, hovudrolle: 951 15 031, synnove.kvamme@gmail.com

Siw Skjervold, presseansvarlig – Eurodok: 958 30 570, siwskjervold@gmail.com

www.hardingfilm.no