E 39: Konseptvalutgreiing Skei-Ålesund: Naturvernforbundet i fylket har nokre generelle og overordna merknader til denne utgreiing.
Ola og Kari Nordmann er rundlurt av kraftbransjen, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED), skriv Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i ei pressemelding og viser til forskningsrapporten frå Vestlandsforskning som heitte ”Vindkraft, reiseliv og miljø - en konfliktanalyse”.
Vind som energikjelde er lite konsentrert og ustabil. Vindturbinane må dekkje store areal om dei skal gje elektrisitetsmengder som monar i samfunn med høgt forbruk. Driftstida, rekna med full produksjon, ligg på 2505-3000 timar i året i Noreg. Distribusjonsselskapa må ha alternativ elkraft å levere dersom forsyninga skal vere sikker når det bles lite, eller for mykje.
Sogn og Fjordane er eit fylke med mange vakre fossar og vasdrag. No ser vi likevel at dei er truga av ei stor kraftutbygging, då særleg bygging av mange såkalla småkraftverk. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er sjølvsagt ikkje motstandar av bygging av alle slike kraftverk. Småkraftverka produserer fornybar energi som vi har bruk for, dei kan gje inntekter til lokalsamfunnet og dei treng ikkje gjere stor skade på landskap, biologisk mangfald, friluftslivet osv.
På denne siden ligg høyringsfråsegn og viktige brev frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og/eller frå eit av lokallaga.
Her ligg kronikker og debattinnlegg til aviser skrevet av Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.
Dei tok fossane utan at eg brydde meg, for eg eigde ingen foss. Dei tok fjordane utan at eg brydde meg, for eg eigde ingen fjord. Dei tok kysten utan at eg brydde meg, for eg budde ikkje der lenger. Når dei hadde tatt alt var det ikkje meir. Då brydde eg meg. H. C. Hansen