Må ikkje seie ja til bygging av fem kraftverk og kraftline i storarta naturområde
- Vi meiner at det ikkje ligg føre eit sakleg grunnlag for å gje søkjaren konsesjon til bygging av fem kraftverk og kraftline i Fjærlandsfjorden. Til det er naturen for storarta og verdfull, det påverka området for stort og føremonane med prosjektet for små, skriver Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i ei høyring til Norges vassdrag- og energidirektorat. Naturvernforbundet meiner ei slik stor utbygging der dei fleste fossane vil forsvinne, vil få alvorlege konsekvensar.