Nedtapping av Gangåsvatnet – krav om revisjon av reguleringsvilkåra
Gangåsvatnet er nedtappa så sterkt at Svorkmyran naturreservat og andre våtmarksområde rundt Gangåsvatnet er tørrlagt. Verneforskrifta for Svorkmyran naturreservat har eit uttrykkeleg forbod mot tørrlegging. Vi har skrive brev til Fylkesmannen, som har forvaltningsansvaret for Svorkmyran, for å få avklart kva som er overordna, verneforskrifta eller reguleringsvilkåra frå 1922. Vi har også skrive til NVE og kravd revisjon av reguleringsvilkåra. NVE vil vurdere spørsmålet til hausten.
Fjord, elv og vassdrag Nyheter17.07.2018