Det må verta betre samband mellom Skyss og Vy

Eg bur i Øystese og vil gjerne ta toget når eg skal reisa. Diverre har dei nye rutene på Bergensbanen og dei dårlege sambanda med bussrutene gjort det vanskelegare.

Kollektivtilbodet, skyss og vy

Eg bur i Øystese og vil gjerne ta toget når eg skal reisa. Diverre har dei nye rutene på Bergensbanen og dei dårlege sambanda med bussrutene gjort det vanskelegare. Det siste året har eg skrive direkte til Skyss, Vy og Entur og hatt lesarinnlegg på trykk i lokalavisene Hordaland folkeblad, Hordaland og Hardanger folkeblad.

Eg har fått svar frå både Skyss og Vy. Men Skyss ser ikkje ut til å gjera noko for å tilpassa sine ruter til og frå Arna og Voss med Bergensbanen. Når eg no kan sjå på rutetibodet frå nyttår 2023. har dei heller ikkje gjort noko. Det har gått eit år sidan Vy offentlegjorde dei nye rutene sine.

Nedafor kjem mine vurderingar av det som (ikkje) har skjedd med dei gjennomgåande rutene.

Lite heilhjarta prøveperiode

Det verka så lovande då Vy skulle utvida rutene på Bergensbanen frå 1. januar i 2022. I BT 27. august i år skreiv Vy at to nye avgangar mellom Bergen og Oslo har vore prøvt i vinter, men i røynda fekk Vy løyve til å utsetja starten av rutene på grunn av pandemien. Når det gjeld mellom anna avgangen kl. 6.19 frå Bergen, kom den i gang frå fyrste halvdel av juni 2022 og vart lagt ned i byrjinga av oktober. Det er grunn til å lura på kor heilhjarta forsøket med to nye avgangane har vore. Billettsalet til desse avgangane kom ikkje i gang før ein knapp månad før rutestart. Det vanlege er at det er mogeleg å få tak i gode billettar tre månadar før. Flyselskapa sel ofte billettar eit år på førehand. I innlegget i BT vert det ikkje fortalt noko om resultatet av «prøveperioden».

Frå Bergen til utlandet

Grunnen til at eg fokuserer på 6.19-avgiangen er at den er den einaste togavgangen med nokolunde fornuftig samband vidare til Gøteborg, Københamn og Hamburg. Ved å ta det sambandet kan ein vakna i Hamburg 24 timar etter at ein sette seg på toget i Bergen. Det burde interessera Vy som også har ansvar for toget mellom Oslo og Gøteborg å få korte overgangar i Oslo. Slik er det diverre ikkje i dag.

Før var nattoget til Oslo eit bra alternativ når ein tenkte seg vidare ut i Europa. No kjem nattoget frå Bergen til Oslo kl. 6.25. Då har toget til Gøteborg gått kl. 6.01, neste går kl. 10.01. Vy er operatør på begge sambanda. Det burde vera mogleg å få betre samband når det berre er fire avgangar i døgeret mellom Bergen og Oslo. Med å ta toget frå Oslo kl. 6.01, kan du vera i Hamburg kl. 20.02 og ta i bruk nattoga vidare ut i Europa. Det er også mogeleg å få til med avgang frå Oslo kl. 7.00 og litt kortare overgangstider i Gøteborg og Københamn.

Attende til fire avgangar på Bergensbanen

Så etter ein «prøveperiode» på fire månadar vart tilbodet på Bergensbanen redusert til tre dagavgangar og eitt nattog. I grove trekk liknar det mistenkeleg på tilbodet i 1976. Det er lite offensivt av Vy å ikkje ha ein lengre prøveperiode. Tilbodet vert lagt ned nesten før folk har fått vita om det. Eg prøvde å kjøpa billettar til tidlegtoget i mai og det var ikkje høve til det. I Facebooksida Togferie vert det peika på avgangstider, samla reisetid og pris er avgjerande for at folk vil velja tog. Det er togentusiastar som seier frå på denne sida og dei bør høyrast på.

Ein kvar er seg sjølv nærast og for meg som bur i Øystese er sambandet mellom buss og tog viktig når eg vil velja vekk fly og bil. Diverre har ikkje Skyss gjort noko for at sambandet skal tilpassa seg dei nye rutetidene til Vy, som vart innført frå 1. januar 2022. Skyss har hatt rikeleg tid til å gjera det betre. Men når eg søkjer på appen til Skyss, Vy og Entur, ser eg at det ikkje er betre tilpassing på nyåret 2023 heller.

Togferie

Facebook-gruppe kor medlemmane utvekslar tips og råd for å reise med tog. Gruppen krev eit raskare og betre togtilbod i Noreg, og nattogsamband frå Oslo til København og Hamburg.

30 minuttar overgangstid mellom Skyss og Vy

Ein kvar er seg sjølv nærast: Frå Øystese er dei næraste jernbanestasjonane Voss og Arna. Ved å reisa om Arna vert netto reisetid omlag ein time lengre enn ved å reisa om Voss når eg skal austover. Difor er det viktig at dei få bussane som går til eller frå Voss, korresponderer med ein togavgang. Bussane har også samband med indre Hardanger i Granvin.

Frå 1. oktober går fyrste tog austover frå Arna kl. 8.24 og frå Voss 9.23. Buss frå Øystese er på Arna 7.55 (Bra) og Voss 8.25 (58 minuttar å venta). Dette toget er i Oslo kl. 15.05 og passar med tog viss du vil nordover td. til Trondheim. Du kjem deg også vidare til Stockholm på dagen.
Dagtoget går frå Arna kl. 11.52 og Voss kl. 13.01. Buss til Arna kl. 9.55 (Lang venting) og 11.55 (For seint). Buss til Voss 10.40. Ein vits.
Ettermiddagstog frå Arna kl. 15.50 Voss 16.57. Buss til Arna 13.57 (Dårleg) og til Voss 16.40 (Bra).

Nattog frå Arna kl 23.10 og Voss 00.28. Buss til Arna 23.06 (I knappaste laget) og Voss 22.40 (Svært dårleg).

Det er diverre ikkje betre tilbod for dei som vil bruka tog og buss frå Oslo og vestover. Kort oppsummert er tilbodet med tog slik:

Nattog til Voss kl. 4.39 og Arna 5.36. Buss frå Voss 9.10 og Arna 6.35. Begge svært dårleg. Dagtog til Voss 13.49 og Arna 14.49. Buss frå Voss 14.05 (Bra), frå Arna 14.55 (Svært knapt) og 15.55 (Lang ventetid). Ettermiddagstog til Voss kl. 17.54 og Arna 18.55. Buss frå Voss 17.05 og 19.05 (Den fyrste for tdleg, den andre for seint) og Arna 19.50 (Lang ventetid). Kveldstog til Voss 22.05, til Arna 23.07. Siste buss frå Voss går 19.05. Frå Arna er det bra med buss kl. 23.20.

Som sagt er det samband på Voss som gjev kortast reisetid for meg. Austover er det akseptabel ventetid på ein avgang, frå Voss kl. 16.57. Heimatt likeins, til Voss kl. 13.49. Eg håpar at ruteplanleggjarane i Skyss gjer jobben sin slik at overgangstidene høver mykje betre.

Konklusjonen min

Det kunne vore verre, men eg håpar verkeleg det vert betre.
I tillegg til akseptable overgangstider, manglar det også samanhengjande billettar. Viss fleire skal bruka buss og tog i staden for bil og fly, må det vera gode samband og korrespondansar og enkelt å kjøpa billettar. Eg trudde Entur skulle ordna det, men det ser ut at Vy prøver å byggja opp eit parallelt system. Det er svært forvirrande for meg som brukar.

Eg vil gjerne ta toget, og er sikker på at mange andre, både fastbuande og turistar, gjer det same når sambandet vert betre. Eg trur dei fleste er bra nøgde med ei overgangstid mellom buss og tog på inntil ein halv time. Skyss sine ruter er å lita på så det går bra. Det er opp til ruteplanleggjarane å få det betre tilpassa.

Tekst: Oddvar Soldal. Illustrasjon: Mona Maria Løberg.

Siste artikler fra NaturVest