Kjære hardingar!

Treng me eit nytt lokallag av Naturvernforbundet i Hardanger?

Skamdalshorgi sett nær Olastølen i gamle Granvin kommune

Kommunegrensene i Hardanger og anna viktig infrastruktur har forandra seg dei siste åra. Me kommuniserer betre og kjappare på alle måtar. Kanskje tida er rett for eit større lokallag som bryt ned kommunegrensene?

Aktivt lokallag i Kvam

Kvam er eit aktivt lokallag i Hardanger. Jondal gjekk i dvale før kommunesamanslåinga med Ullensvang og Kvinnherad har vist lite aktivitet dei siste åra. Å driva lokallag i små samfunn er alltid ei utfordring. Det kan vera krevjande å finne folk til styreplassane og mange kvi seg for verv i organisasjonar som ofte er i opposisjon. Kva kan me gjere for å få meir aktivitet og ikkje minst påverknad?

Nok av saker!

Me har prøvd å få etablert eit nytt lag i Ullensvang med Odda som eit naturleg senter, men me er fortsett utan eit fungerande styre. Eit nytt lag for indre Hardanger har nok av saker å ta tak i! Oppdrettsbransjen pressar på og vil lengre inn i fjorden, der det er mindre lus og ledig areal. Det er planar om gondolbane i Odda mot Hardangervidda, store hyttefelt i Eidfjord, og i Tryglavik nær Jondal vil lokalpolitikarar industrialisere ei vik med ei nydeleg strand for å byggja biogassanlegg. Akkurat Tryglavik er eit tydeleg døme på kor vanskeleg den grøne omstillinga er i enkeltsaker.
Lokallaget i Kvam har unntaksvis engasjert seg i saker i nabokommunane, men med dagens organisering er det litt problematisk. Dei større sakene har fylkeslaget profilert.

Medlemstal

Kvam: 110
Ullensvang: 84
Ulvik: 24
Eidfjord: 2
Heile Hordaland: 3680

Tall per 18.11.2022.

Eit stort lokallag i Hardanger bør ha eit styre med folk frå alle kommunane. Ei brei geografisk dekning vil gjere det enklare for folk å ta kontakt og me vil få ei betre oversikt i mylderet av saker.

Du som bur i Ulvik, Eidfjord eller Ullensvang. Kva vil fungere best for deg og sakene du vil ha løfta fram? Eg vert glad for ein kommentar… eller ring for ein prat!

Ta kontakt

Klaus Rasmussen, Naturvernforbundet i Kvam
Tlf. 456 67 708
klaus.tpt@gmail.com

Tekst: Klaus Rasmussen. Foto: Synnøve Kvamme.

Siste artikler fra NaturVest