Kunsten å diskutere

LEDER: Fordi det er så ubehageleg å endre meining, risikerar ein ofte at folk blankt avviser vitenskapeleg grunngjevne fakta. Istadenfor blir folk gjerne endå meir overbevist om at dei sjølv har rett.

Michael Shermer er ein 63 år gamal amerikansk forfattar med utdanning innan vitskap og statistikk. I 1992 stifta han organisasjonen The Skeptics Society med det formål å gå dårleg, uhaldbar vitenskap i sømmane og å sørge for at fakta alltid sigrar. Gjennom dette arbeidet har han brukt mykje tid på å diskutere med folk som er overbevist om at dei sjølv har rett, medan Shermer sjølv er trygg på at han har hovudvekta av den vitskaplege verda på si side.

Shermer var lenge klimaskeptikar. Han var sikker på at det ikkje fantest tilstrekkeleg bevis på at farlege menneskeskapte klimaendringar var reellt. Lenge var han overtydd om dette, men 1. juni 2006 publiserte Shermer ein artikkel i bladet Scientific American med tittelen «The Flipping Point». Her gjer han greie for at det etter hans syn no var eit så solid bevisgrunnlag for menneskeskapte klimaendringar at det var på tide å gå over frå skeptisisme til aktivisme.

Denne måten å basere sine overbevisningar på siste tilgjengelege vitenskapelege bevis er det mindretalet som praktiserar. Meiningane våre er tett knytt opp mot vår identitet, sosiale krets og økonomiske interesser, noko som kan gjere det ubehageleg å gje slepp på desse meiningane. Dette resulterer i noko som kallast «the backfire effect». Fordi det er så ubehageleg å endre meining, risikerar ein ofte at folk blankt avviser vitenskapeleg grunngjevne fakta. Istadenfor blir folk gjerne endå meir overbevist om at dei sjølv har rett.

Michael Shermer er svært kjend med the backfire effect og har følgjande råd å gi:
1. Hald kjensler utanfor diskusjonen
2. Diskuter, ikkje angrip
3. Lytt nøye og forsøk å gjengi motpartens meiningar på ein nøyaktig måte
4. Vis respekt
5. Erkjenn at du forstår kvifor nokon kan ha slike meiningar
6. Forsøk å vise at det å endre meining ikkje nødvendigvis betyr å endre verdssyn

Hans tilnærming til ein diskusjon er ikkje å overtale den andre personen. Målet er heller å dyrke ein god diskusjon, utveksle forståing og ikkje nødvendigvis skiljast som einige. Så opplever han ofte at ved å vise respekt og tolmod kan ein ofte plante eit frø som over tid blomstrar i endra meiningar og opplyste sinn. Eg vil ikkje påstå at Michael Shermer er ein allvitande person som alltid sit med fasit på bordet, men måten han driv dialog på er kjempeviktig. Sjølv trur eg alle menneske sine meiningar og handlingar baserar seg på intensjonen om å gjere godt. Dermed har eg stor tru på at dersom ein kvar naturvernar meistrar kunsten å diskutere, så kan vi spreie forståing for natur- og miljøvern og gå sjumilssteg mot ei berekraftig og artsrik framtid.

Øystein Lunde Heggebø er leiar i Naturvernforbundet Hordaland.


Teksten er også publisert i medlemsmagasinet NaturVest #2 2017.

Siste artikler fra NaturVest