Meir natur- og klimavenleg forbruk

Vi må verna om verna vassdrag, setja stoppar for vindkraft på land og utgreia konsekvensane for kval, fisk og fugl før vindkrafta blir eit nytt og marint Fosen-spetakkel. Løysinga er ikkje meir energi, men heller mindre bruk.

Vindkraft på Storheia i Åfjord, FosensakenFoto: Mona Maria Løberg

Naturvernforbundet Hordaland ser med uro på det paniske oppropet om meir el-kraft koste kva det koste vil.  Kapitalkreftene pressar på, og statens styresmakter jattar med.

NVE har meld nye kraftgater frå Samnanger til Kollsnes med breie korridorar gjennom skogar, grender og «kanskje ei golfbane» i følje ei lokalavis.  Føremålet er å bringa fram rein energi for å henta opp meir fossil energi i Nordsjøen samt trygge kraftframføring til meir naturøydeleggande industri i framtida.  Kor skal krafta koma frå i morgon når dei nye kraftgatene skal fyllast opp med endå fleire kilovolt?

«Det grøne skiftet» har vorte alibi for krav om hemningslaus utbygging av vindkraft og verna vassdrag. Kjernekraftverk blir omtala som grøn energi, verna vassdrag blir kravd bygt ut, vindkraft til lands og til havs utan grenser.  Krava frå utbyggjarar er at det må byggjast, uansett og overalt.  Vindturbinane på Fosen viser kor galt det kan bera av stad.  Folk må få halda på levesett, kultur, trivsel og gleda ved å sjå sola gå ned utan virrande refleksblink.

Energiselskap og teknokratar vil byggja ut i hast for å laga hydrogen til erstatning for olje og gass før Kina eller andre der ute gjer det.  Men hydrogenproduksjon «et» 30 % av straumen ved elektrolyse.  Om hydrogen skal erstatta fossilt brensel, krev det meir straum enn vi kan skaffa både til lands og til havs.  Trass all bygging av ny fornybar energi, gjekk utsleppa av CO2 opp med 1,1 % i fjor og har auka med 6 % etter 2015.  Dette viser at løysinga ikkje er meir energi, men heller mindre bruk.

Naturvernforbundet Hordaland krev at vi minkar forbruket vårt.  Vi har ikkje nok el til å driva dei store cruise-skipa på hydrogen til stadig meir transport av menneske og gods på veg, hav og i luft.  Vi må prioritera kva vi er tente med og ikkje.  Å ha like stort forbruk som no med hydrogen er urealistisk.  Vi må tenkja samfunnsnytte av store turistskip på kryss og tvers på hava våre i eit klimaperspektiv. Vi har eit enormt potensiale for sparing.  Forsking viser óg at lysforureining har konsekvensar for plantevekst, økologi og helse.

Første steg på energitunnelen på Mongstad sparar straum tilsvarande Gjøvik by, utbygde vasskraftverk treng oppgradering og kan yte langt meir enn i dag.  Private og offentlege bygg skrik etter solpanel som kan byggjast mykje snøggare enn vind- og kjernekraft.

Vi må verna om verna vassdrag, setja stoppar for vindkraft på land og utgreia konsekvensane for kval, fisk og fugl før vindkrafta blir eit nytt og marint Fosen-spetakkel.  Naturen forsvinn med to fotballbaner kvar dag, medan vi brukar all tid og krefter til å øydeleggja meir av han.

At regjeringa har sete seg føre at det er klimavenleg å byta rein kraft med skiten olje på sokkelen, er diverre ikkje lett å endra no, men det let seg enno gjera å leggja kabel i sjø og å oppgradera allereie eksisterande kraftliner for å gjera skadeverknadene så små som mogeleg.  «Det grøne skiftet» må ikkje føra til at vi brukar opp naturen som er att, men at vi brukar ressursane på verdig vis.


Dette er en av fem uttalelser som ble vedtatt på årsmøtet i Naturvernforbundet Hordaland i 2024. Les pressemeldingen