Naturlig onsdag om jordvern

Bydelsplanen for Ytrebygda var utgangspunktet då jordvern vart sett på agendaen under Naturlig onsdag-arrangementet i februar.

Bakgrunnen for den naturlige onsdagen i februar var at utbygginga i samband med fortettinga rundt Bybanen og ved flyplassen har gått hardt ut over dei grøne lungene og den dyrka jorda i Fana og Ytrebygda, og bydelsplanen for Ytrebygda (BLÅE-planen) medførte nedbygging av over 1.000 dekar dyrka og dyrkbar jord på Birkeland, Liland, Ådland og Espeland, og halvparten av dette på Liland. I staden for landbruksproduksjon skal det koma bilfirma og annan plasskrevande industri som må flytta frå Mindemyra.

Dette meiner Naturvernforbundet og Bondelaget er heilt feil bruk av areal, og vi sende difor ein klage før jul til Kommunaldepartementet om å overprøva vedtaket i bystyret.

I skrivande stund er Bergen kommune i dialog med Fylkesmannen om å halda unna ein del av det aktuelle området på Liland til landbruk også i framtida. Men sidan jordvern er ei stadig meir aktuell problemstilling, bestemte naturmangfaldgruppa i Naturvernforbundet i Hordaland seg for å arrangera ein Naturlig onsdag 7. februar med innleiarar frå begge sider av debatten.

Dei siste åra har nedbygginga vore så høg som 6-8.000 dekar pr år.

Ein knapp ressurs

Arrangementet var på Amalies Hage på Biblioteket, og var svært vellukka med nær 50 tilhøyrarar. Synnøve Kvamme var ordstyrar, og som innleiarar stilte leiar Ketil Mehl i Hordaland Bondelag, Erik Joner frå Norsk Institutt for Bioøkonomi, bystyremedlem for Ap, Rasmus Haugen Sandvik og Ørjan Sælensminde frå Forum for natur og friluftsliv (FNF)Hordaland.

Ketil Mehl understreka at dyrka jord er ein knapp ressurs her i landet, og utgjer berre 3.3% av totalarealet. I tillegg til å produsera mat har den dyrka jorda ein viktig funksjon ved å binda vatn og karbon. Jorda rundt dei store byane har ein særleg viktig funksjon ved å produsera kortreist mat. Dessutan er det opne kulturlandskapet viktig for turismen. Ute i distrikta går mykje landbruksareal tapt ved at landet gror til med skog, men rundt byane skjer det ved nedbygging og omdisponering av LNF-område til vegar og bolig- og industriareal. Dei siste åra har nedbygginga vore så høg som 6-8.000 dekar pr år. I 2015 vedtok derfor Stortinget ei øvre grense på 4.000 daa/år for omdisponering frå LNF til industriareal. Det arealet som går tapt ved BLÅE-planen, er altså ein fjerdedel av heile det nasjonale arealet som kan omdisponerast pr år. Mehl konkluderte med at det må ei mykje strengare og meir lagsiktig arealdisponering i framtida, med meir vekt på jordvern. Nedbygging fører til varig tap

Forskar Erik Joner frå NIBIO framheva at jord som går ut av produksjon ved at det gror igjen med skog eller blir teken til golfbanar, kan dyrkast opp att og koma i produksjon, medan den som blir nedbygd, går tapt for alltid. Han understreka sterkt jorda sin rolle som karbonbindar. Jord inneheld som regel i volum om lag 48% mineraljord, 25% luft, 25% vatn og 2% humus. Det totale karboninnhaldet i dyrka jord i Norge er 10 Mt (=10 mill tonn) karbon, og dei viktigaste årsakene til tap av karbon, er oppdyrking av våtmarksområde med drenering og gjødsling (1.8 Mt/år), erosjon og jordbearbeiding. På andre sida kan karboninnhaldet aukast ved tilførsel av planterestar og organisk avfall, og ved plantedyrking. Kjøttproduksjon medfører derimot eit visst utslepp av klimagassen metan, som går over til karbondioksyd etter kort tid. Joner understreka at i ein slik sårbar situasjon som no, er det viktig å ikkje byggja ned dyrka jord, for å kunna sleppa å dyrka det opp att. Flytting av matjord ved nedbygging er ikkje noko godt alternativ.

Både Rasmus H. Sandvik, som sit i Komite for byutvikling for AP, og FNF-koordinator Ørjan Sælensminde kommenterte den aktuelle BLÅEplanen. Sandvik forsvarte vedtaket ved å påpeika at planarbeidet starta alt i 2010 under det førre Høgre-byrådet, og i at den nye kommuneplanen var tilsaman 7.134 dekar perifert byggeland blitt omdisponert til LNF-område av det noverande byrådet, blant anna på Dyngeland og i Vårheia (Arna). Byrådet har og laga temakart over blågrøne strukturar. Når det gjeld Liland og Fylkesmannen sin rolle i BLÅE-planen så blei det levert ei generell innseiing om jordvern i januar 2015, men spesifiseringa kom 4. mars, like etter uttalefristen. Fylkesmannen hadde altså «sove i timen», slik at det blei vanskelegare å stoppa vedtaket. Sandvik meinte at det berre var 250 daa dyrka jord på Liland, men i debatten etterpå blei det opplyst at så seint som i 1979 var det dyrka arealet over 500 dekar, men at halvparten av det var grodd til med skog og myr, fordi tre av dei fem bruka på Liland var blitt nedlagt.

For låg takst presser bønder til sal

Erik Joner påpeika at taksten på jordbruksareal var altfor låg i forhold til byggetakst, noko som gjer at utbyggarane kan pressa bøndene til å selja for å unngå ekspropriasjon, dette er framleis eit stort problem. Han kritiserte AP-byrådet for å ha bunde seg for sterkt til førre byråd, men håpte at noko av fadesen kunne rettast opp att ved arbeidet med den nye kommuneplanen (KPA 2018-30). Sandvik påpeika at matjorda ville bli samla opp og flytta til andre områder for matproduksjon, men blei møtt med motspørsmålet om kvifor ikkje byrådet kunne ha funne uproduktive område der bilforretningane kunne få plass, i staden for å ta den beste jorda i Bergen. Fleire tilhøyrarar reagerte på Sandvik sin bruk av argumentet om «forutsigbarhet» for bilforhandlarane – har ikkje også bøndene krav på det?

Det blei også stilt meir grunnleggjandee spørsmål om det er ønskeleg med vidare vekst i forbruket og bilbruken, når alle snakkar om korleis ein skal nå togradersmålet. Naturvernforbundet Hordaland vil ta alt som kom fram i jordverndebatten med seg i arbeidet med Visjon 2030 Hordaland, som skal presenterast for politikarane i kommunevalkampen 2019.

Tekst av Oddvar Skre, æresmedlem i Naturvernforbundet i Hordaland.

Publisert først i NaturVest #1 2018.

Siste artikler fra NaturVest