Nok hytter no

Massiv hyttebygging truer vår natur.

Nok hytter nå, naturødeleggelse.

I min del av landet er Voss en av kommunene der det merkes mest. Her er et debattinnlegg som styret i Voss Naturvernlag og jeg har i avisen Hordaland.

Draumen om ei hytte ligg djupt i mange nordmenn. Dessverre fører rikdommen vår til at hyttebygginga no har blitt eit trugsmål mot naturen. Over 100 000 hytter er bygde i Noreg dei siste 20 åra. Den enkle, vedfyrte hytta, langt frå veg og folk, er ute. Dagens nye hytter er einebustader, eller leilegheiter, ofte plasserte i byggefelt i natur som før var lite påverka av inngrep. Desse fritidshusa har vinterbrøyta veg til døra, store parkeringsplassar, dei skal ha vatn og kloakk. Ofte er det skianlegg ved sida av. Til saman stel dette store areal. Myrer blir gravde opp og fylte med stein og grus.

Profilbilde av Gabriel FlifletFoto: Hans Jørgen Brun

Rundt omkring i norske hyttekommunar veks motstanden mot endå fleire hyttefelt. Slik òg på Voss der det er avsett ca. 14 000 dekar til fritidsbustader i kommuneplanen. Voss er ein stor hyttekommune med fleire digre hytteområde, og det er registrert 3800 fritidsbustader i kommunen. Sjølv om fleirtalet av vossingane no er mot vidare utbygging, opnar tidlegare vedtekne planar opp for vidare utbygging av over 3000 fleire. Berre i Myrkdalen er det til no bygd 1000 hytter og leilegheiter. Fortsatt gjev kommunale planar utbyggarane lov til å bygga 2400 nye på toppen av dette!

Massiv hyttebygging er skadeleg på fleire måtar

Det er lett å sjå med eigne auge at nedbygginga av naturen er skadeleg for naturmangfaldet i hytteområda, men òg for områda utanfor. Etableringa av dei første tusen fritidsbustadane i Myrkdalen auka straumforbruket så mykje at ein måtte bygga ny høgspentlinje inn til dalen. Og for å ta høgde for framtidig utbygging, vart dette ei 132 kV høgspentlinje som langt overgår dagens behov.

I Bavallsområdet planlegg Voss Resort 250 nye fritidsbustader, i tillegg til tidlegare massiv utbygging. Dette utløyser krav om at snart 10 år gamle vegplanar inn til hytteområdet vert realisert. På desse 10 åra har dyrka mark fått eit sterkare vern, og omsynet til kulturlandskap og matproduksjon har fått meir fokus. Men også her opplever ein at gamle planar gjer at jordvernet vert ofra.

Auka klimagassutslepp og vegtrafikk

Hyttebygginga fører også til at klimagassutsleppa aukar på fleire vis: Myr, mark og skogbotn lagrar svært mykje karbon. Om du bygger hyttefelt og vegar, øydelegg du desse lagra og klimagassar blir slopne fri. Andre klimagassutslepp kjem frå produksjon av bygningsmaterialar, sement, glas osb., frå sjølve byggeprosessen og frå alle bilane til hyttefolket. Trafikktoppane, med kø på vegen Voss–Bergen, skuldast i all hovudsak hyttefolk som skal fram og tilbake i helgene. Enkelt sagt fører ei ny hytte til ein ekstra bil på vegen – minst!

Voss må endra planane sine

Voss herad har nettopp vedteke ein ny og god klimaplan. Dessverre har den ein stor mangel. Det burde stått at vidare, massiv hytteutbygging må stansast på grunn av ny og alarmerande kunnskap om naturmangfald og klima. Både lokale, nasjonale og internasjonale forpliktingar om kutt i klimagassutslepp gjer at me må stansa nedbygginga av naturen.

For få år sidan vedtok Bergen bystyre at store område, som då var definerte som framtidig utbyggingsområde, skulle tilbakeførast til å bli område for landbruk, natur og friluftsliv. No må Voss heradsstyre gjera eit liknande grep, og endra planane slik at det ikkje blir bygd fleire hyttefelt.

Det er lett å skjøna at mange drøymer om ei hytte i herleg natur, men me kan ikkje fortsetja med å bygga ned den same naturen som me gjerne vil boltra oss i. Det er på høg tid å setja strek. I framtida får me bli flinkare til å dela, leiga, låna – greia oss med det me alt har.


Skrevet av styret i Voss Naturvernlag og Gabriel Fliflet, leiar i Naturvernforbundet Hordaland.

Siste artikler fra NaturVest