Faggrupper

Våre faggrupper består av frivillige som skriver høringsuttalelser og gjennomfører møter og andre markeringer.

Aksjon mot Eidfjord resort, Naturmangfoldsgruppa, faggruppe

Naturmangfaldsgruppa

Dette er ei lita faggruppe som møtest om lag ein gong i månaden. Som regel i Bergen og Hordaland Turlag sine lokale i Tverrgaten 4-6, på ettermiddagstid. Gruppa har i fleire år jobba med utbyggingssaker som kan få negative konsekvensar for natur og biologisk mangfald.

Gruppa bidrog til at me vann kampane for å verna Øystesevassdraget, Opo i Odda, Kvanndalselva og Raundalselva mot kraftutbygging. No for tida jobbar gruppa mest med å få naturmangfald på dagsorden i Bergen kommune. Dei har òg støtta opp om lokale naturvernsaker.

For å følga opp tiltaka me har føreslått i framtidsvisjonen me lanserte i 2019: “Gode, grønne Bergen – en by for bier og bergensere”. 

Ta kontakt med gruppeleiar Harald Simonsen om du kan tenka deg å engasjera deg i Naturmangfaldsgruppa: harald.simonsen2@gmail.com / 995 30 727

Klima og transportgruppa

Denne faggruppen jobbar mest med samferdselssaker som motorvegprosjekt og bybanen, cruiseskip-problematikk og klimaspørsmål. Dei møtest regelmessig og skriv mellom anna høyringsuttalar, lesarbrev, planlegg og gjennomfører møter og markeringar.

Mellom anna har dei bidrege til å få merksemd rundt dei negative konsekvensane av ny firefelts motorveg mellom Stord og Os med bru over Bjørnafjorden (Hordfast). Dei har òg fått gjennomslag for krav om utsleppsfrie cruiseskip i Bergen frå 2026, og problematisert elektrifisering av sokkelen med kraft frå land.

I 2015 skreiv dei den første framtidsvisjonen vår, “Gode, grønne Bergen”. Den fokuserte på korleis Bergen kan bli ein gå- og sykkelby innan 2030. 

Ta kontakt med gruppeleiar William Helland-Hansen om du kan tenka deg å engasjera deg i Klima og transportgruppa: william.helland-hansen@uib.no / 926 63 806

Vindkraft og energigruppa

Dette er ei ganske ny faggruppe som har møter innimellom der dei diskuterer kva saker gruppa skal prioritera, og vil etterkvart byrja å arrangera temamøter. 

Ta kontakt med gruppeleiar Bård Larsen om du kan tenka deg å engasjera deg i Vindkraft og energigruppa: bslarsen@gmail.com / 986 33 018.

Havbruksgruppa

Denne faggruppa fokuserer på saker knytt til oppdrett og andre marine næringar. Medlemmene representerer eit stort spenn av fagkunnskap, frå nyengasjerte til svært høg fagkunnskap. Dermed er Havbruksgruppa også ein god stad å lære om oppdrett og havbruksnæringane si påvirkning på marint liv.

Kontakt gruppeleiar Anne-Lise Bjørke Monsen (annelisebmonsen@gmail.com) dersom du har lyst til å engasjere deg i havbruksgruppa.

Alle skal trivast i Naturvernforbundet!  

Organisasjonen vår skal vera ein trygg arena for alle, og me jobbar for god representasjon i kjønn, alder og bakgrunn. Dei etiske retningslinjene våre gjeld for frivillige, tilsette og tillitsvalte i Naturvernforbundet.