Naturvernforbundet vil ikkje ha helikopter overalt heile tida
Naturvernforbundet har registrert at Fri Flyt AS har søkt også i år om løyve til helikoptertrafikk i utmark. I Noreg ønskjer dei fleste å favorisere det enkle friluftslivet. Område utan støypåverknad er ein svært verdifull kvalitet som det er viktig å ta vare på. Naturvernforbundet ber difor kommunane om å avslå søknaden.