Jazzgass og miljø
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner programmet for Jazzgass, eit samarbeid mellom Moldejazz og Møre og Romsdal fylkeskommune, har fått noko politisk "slagside". To oljeselskap er inviterte. I eit brev til arrangørane seier leiar Øystein Folden at det er naturleg og å ha eit innlegg som seier noko om kva rammer miljøet og ønskja om berekraftig utvikling set når det gjeld bruk av gass i Noreg.