Blomsterenger - kven har glede av dei? Det er behov for mykje meir kunnskap om korleis blomsterenger, eller nærare bestemt den utvalde naturtypen slåttemark, påverkar artar i slike område, og sjølv blir påverka.
Naturvernforbundet i Tingvoll har årsmøte. Det er uvisst no om årsmøtet blir med fysisk oppmøte eller digitalt. Nærare informasjon kjem på denne sida. Sakspapir blir lagt ut her så snart dei er klare.
Innkalling blir sendt på e-post og i post til dei som ikkje er registrert med e-postadresse. Innkallinga finn du også som vedlegg her.
Det meste du trenger å vite om årsmøtet vil du etter hvert finne her.
Når ein har ein sti i utgangspunktet er det totalt misforstått at ein skal reparere denne ved å bygge ein veg. Å lage ein veg opp etter lia frå Leikongsetra vil vere å øydelegge ein sti. Det må kommunen seie nei til. Det går fint an å punktutbetre ein sti slik at ein lettare kan passere våte parti.
Fylkeskommunen tildeler no konsesjonar for torskeoppdrett. Mot råd frå Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet tar dei sjansar på at det skal gå godt. Konsekvensutgreiinga imponerte heller ikkje.
Miljøinformasjonslova gjev alle og ein kvar rett til å få vite kva verksemder gjer i og med miljøet. NEAS svara ikkje på spørsmål dei fekk frå Naturvernforbundet i Tingvoll tidlegare i haust. No har saka blitt sendt til klagenemnda for miljøinformasjon.
Kan det vere at tilgangen til areal for friluftsliv blir vanskelegare når vegane blir rusta opp? Kor mykje skal til for at friluftslivet får enklare tilgang til friluftsareal? Dette har Naturvernforbundet undersøkt langs riksveg 70 mellom Skjevlingsnes og Ålvundfossen. Går ein gjennom rapporten og vedlegga, så finn ein kanskje det mest hemmelege veg - og sjønære friluftslivsarealet i Tingvoll. God tur!