Zephyr AS har kome med nye vindturbinplasseringar for Guleslettene industriområde. Dei er dramatisk endra i høve konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga.
Dersom du ikkje har fått med deg at det står dårleg til på kloden vår, lever du i ein draum. I ein nyleg publisert vitskapleg artikkel har 16 000 forskarar skrive under på konklusjonen om at vi er inne i ei skjebnetid, og at det trengst ei vesentleg omlegging av vår sivilisasjon før problema eskalerer ut av kontroll. Verken meir eller mindre, og jobben må starte i dag, ikkje om nokre år.
Vi har trekt dei første vinnarane i Kystlotteriet i Sogn og Fjordane. Ein av dei heldige vinnarane er Sunnfjord Folkehøgskule, som rydda plast og vann til saman 4 000 kroner. Skulen er knytt til Kamam Folk High School på Sri Lanka, som vart opna i 2014, og pengane vil gå til dette bistandsprosjektet. (Sjå foto nederst)
JAAA. Vi har klart det! Det VERT ei permanent premiering for strandrydding i nesten heile Sogn og Fjordane i løpet av juli - om vi får med dei tre siste kommunane. OG; alle som har meldt inn strandryddeaksjonar i SUM-kommunane skal få panten sin.
Har du parafinkamin eller oljefyr til oppvarming? Du kan spare pengar på å gå over til fornybar energi og samstundes gjere ein miljøinnsats.
I løpet av nokre få veker har Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane betalt ut 100 kroner pr sekk søppel, sanka på strender og andre stader.
18.00: Filmen «A Plastic Ocean» 19.50: «I samme båt» v Børje Møster 20.15: «Zero Waste» v/Kristine Ullaland 21.00: Kvar står dei politiske partia i Flora kommune? Programleiar: Marit Bendz, fylkessekretær i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Naturvernforbundet i Sogn og fjordane inviterer til ope seminar med dialog, debatt og inspirasjon! Tidspunkt: Laurdag 25. mars 2017, kl. 14.00. Stad: Hafstad vidaregåande skule, Førde.
Velkomne til årsmøtet laurdag 25. mars 2017, kl 11 på Hafstad vgs, Førde. Etterpå, ca. kl 14, vert det eit seminar om temaet "Eit hav av plast". Det vert ein uformell middag på Pikant etter møtet og seminaret, kl. 18. NB! Følg Naturvernforbundet Sogn og Fjordane på Facebook https://www.facebook.com/naturvernforbundetsognogfjordane/?fref=ts