Fråsegn til søknad om bygging av Småvoll kraftverk i Sunndal
Naturvernforbundet meiner Småvoll kraftverk ikkje bør byggast. Dei samla kvalitetane i dette området er så store at bortfall av mykje av vassføringa i Erga vil vere svært øydeleggande, både for dei samla naturkvalitetane og ikkje minst opplevinga av desse kvalitetane og landskapet. Inngrepet har også innverknad på Trollheimen landskapsvernområde og ikkje berre på "vanleg" natur. Inngrepet er planlagt i ein kommune der svært mange vassdrag alt er bygd ut. Til sist er ikkje konsekvensutgreiinga gjennomført i den utstrekning det er føresett og det er difor ikkje mogleg å utelukke at biologisk mangfald kan gå tapt ved ei utbygging.