– Nei til dumping i Førdefjorden

Den planlagde dumpinga av 300 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden vil utgjere ein alvorleg trussel mot fisken. Derfor går Miljødirektoratet i dag imot Nordic Minings planar. – Dette er ein gladnyheit! Vi forventar at Regjeringa følgjer ekspertanes råd, seier Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet.

Eit samla fagmiljø står saman mot gruvedumping i Førdefjorden i Sogn og Fjordane.  For eit drøyt år sidan påla Miljøverndepartementet Nordic Mining å gjennomføre nye undersøkingar på ei rekke område knytt til gruveselskapet sin søknad om å utvinne rutil i Engebøfjellet og dumpe gruveavfallet.

På bakgrunn av desse nye undersøkelsane har Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet uttalt at konklusjonen om at eit deponi ikkje vil vere berekraftig er styrka.  No går også Miljødirektoratet kraftig ut mot dumpingplanane.

– Regjeringa understrekar stadig viktigheita av kunnskap, no forventar vi at no lyttar til sine eigne fagfolk, seier Anne Line Thingnæs Førsund frå Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe.

I høringsbrevet Miljødirektoratet i dag har levert Klima- og Miljødepartementet viser Miljødirektoratet til at eit deponi  vil kunne fjerne gyteområder for blålange, og at det deponiet er i nær dei viktigaste gyteområda for torsk i Sogn og Fjordane. Også for kysttorsk og ål kan det få store konsekvensar.  

Det er opp til Kommunal- og moderniseringsminister jan Tore Sanner å ta stilling til reguleringsplanen, mens Klima- og miljøminister Tine Sundtoft skal ta stilling til utsleppssøknaden.

– Når viktige næringar som fiskeri, sjømat, villaks- og turistnæring også går imot planane kan vi vanskeleg sjå at eit fåtal nye arbeidsplassar vil kunne vege opp for det enorme tapet for natur og samfunn, seier Haltbrekken.