Inviter villblomane inn i hagen

Har du hage er det viktig å ta vare på dei ville blomane. Om våren er gåsungane på selje den aller viktigaste matkjelda til mange humler. Kløver, prestekrage, blåklokke og rød jonsokblom er eksempel på kjente blomsterartar som er viktige for mange humler seinare på sommaren.

Enkle tiltak for å få fleire ville blomar:

  • La det gå litt lenger tid mellom kvar gang du brukar plenklipparen, så løvetanna rekker å blomstre.
  • Still inn plenklipparen på høgaste nivå, sånn at kvitkløver og andre låge blomar blir ståande igjen.
  • Klipp gjerne forskjellige delar av plena på forskjellig tidspunkt, sånn at det alltid vil vere stadar med litt langt gras og blomar der humler og andre insekt kan finne mat.
  • La vere å luke løvetann og andre blomstrande «ugras» i plena. Det vi kallar ugrass kallar humlene og biene mat!  
  • La det være eit vilt hjørne i hagen der gras, blomar og kratt får vokse fritt, og kvist og kvast får ligge. Daude greiner og strå dannar naturlege leveområde for insekt. 
     

Slåttemark

Slåttemarkene er artsrike blomsterenger som har blitt skapt i kulturlandskapet gjennom årleg slått og hausting, utan at dei har blitt gjødsla. Med eit meir intensivt drevet landbruk og gjengroing av areal som ikkje er lønsamt å drive, blir slåttemarkene færre. Dette skapar problem for mange trua plantar og insekt som lever der. Slåttemark står derfor som kritisk trua på raudlista over trua naturtypar. Har du ein stor nok hage kan du til og med lage blomstereng sjølv.

Lag ei blomstereng

  1. Finn ein næringsfattig del av hagen, eller fjern det øvste jordlaget på plena og bland inn rikeleg sand og grus. Næringsfattig jord er essensielt for å lykkast med blomstereng.
  2. Oppsøk naturlege blomsterenger eller artsrike grøftekantar i nærområdet om sommaren og merk dei blomane du ynskjer å ha i di eiga blomstereng.
  3. Dra tilbake og haust frøa ein tørr dag på sein sommaren/ hausten når frøa har blitt brune og tørre. Ikkje plukk frø av framande artar, eller av artar som er utrydnings trua.
  4. Oppbevar frøa kjølig og tørt i papirkonvoluttar gjennom vinteren.
  5.  Så frøa på næringsfattig jord på våren.
  6. IKKJE tilfør gjødsel. Det som gjer slåttemarka så artsrik og verdfull er nettopp det at den ikkje får tilført næring. Gjødslar du vil gras og løvetann ta overhand.
  7. Slå enga på seinsommaren kvart år, når det meste er avblomstra. La graset ligge og tørke eit par dagar før du fjernar det, slik at det ikkje blir tilført næring til blomster enga.
  8. Vær tålmodig. Mange fleirårige plantar brukar dei første åra på å etablere seg. Først etter fleire år vil blomster enga vise sitt sanne potensiale innan artsrikdom. 

BLI MEDLEM!