Valkomiteen si innstilling til nytt sentralstyre til landsmøtet i Naturvernforbundet 2022

Innstiling av kandidater til sentralstyret i Norges Naturvernforbund

Å vere i valkomiteen er ein spennande, men på same tid utakknemleg jobb. Valkomiteen si oppgåve er å velje mellom mange flinke og engasjerte menneske for å innstille eit fåtals personar til nytt sentralstyre i Naturvernfobundet. Vår innstilling som vi legg fram her, vil nødvendigvis føre til at nokre vert skuffa.

Arbeidet vårt starta for fullt i oktober. Eit veldig godt grunnlag for arbeidet vårt vart lagt med dei mange intervjua vi gjorde på landsstyremøtet i Bergen 20-21. november og ein del zoom-møter etter det. Takk til dykk alle som delte ærleg om korleis de opplever å vere del av Naturvernforbundet. Eg vil påstå at alle intervjua gav oss eit unikt innblikk i organisasjonen. Etter at fristen for å føreslå kandidatar var passert 25. januar, sat vi med ei liste på over 60 personar å velje mellom. Vi i valkomiteen valde å samlast fysisk til ei samling i Bergen 12-14. februar og der fekk vi jobba oss godt saman og fekk ei tydeleg retning på kva vi ville oppnå med vår innstilling til nytt sentralstyre: Alders- og kompetansemessig spreiing, geografisk breidde, kontinuitet og samstundes fornying av styret, engasjement for naturen og organisasjonen, og evne til å samarbeide og dra lasset i lag. Så må vi nemne at vi gjerne skulle hatt fleire styrekandidatar med framandkulturell bakgrunn. Herved oppmodar vi Naturvernforbundet om å jobbe systematisk med å rekruttere fleire til organisasjonen.

Vi trur at evnar ein å gjere kvarandre gode, vil det auke gjennomslagskrafta vår. Dei vi har innstilt for å få dette til er: Som leiar Truls Gulowsen. Få, om nokon vil hevde at han ikkje har gjort ein god jobb for Naturvernforbundet det siste året. Som 1. nestleiar Pernille Hansen. Ho og Truls har jobba godt i lag og ho har gjort ein solid innsats og profilert Naturvernforbundet på ein god måte i mange saker. Som 2. nestleiar Randi Storhaug (ny). Ho er anerkjent frå mellom anna landsstyret som ein god lagspelar med mykje komptense mellom anna frå offentleg forvaltning. Som faste medlemmer: Kjell Derås – aktivist som ein finn der det bles som hardast i vindkraftsakene og i gruvestridane. Katharina Karlsen Hessen (ny) rekruttert i si tid av Silje Ask Lundberg som 13-åring til NU. Ho har mediebakgrunn frå California, utdanning innan bærekraft i oppdrett, sterkt engasjement for å ta vare på kyst og hav, og å har fokus på distirkt og å rekruttere nye medlemmer til Naturvernforbundet. Og Lasse Eriksen Bjørn (ny), sjøsame og merittert naturvernar trass sin unge alder. Til  varamedlemmene har vi først innstilt Ingebjørg Marie Torkildsen som i inneverande periode har vore ein viktig bidragsyter i sentralsstyret, Hilde M Gaebpien Danielsen (ny) som kjempar for urfolk og står opp mot naturøydeleggande arealinngrep, Øyvind Johnsen med all sin styreerfaring og diplomatiske evner, og Gaute Rolv Dahl, lokallagsleiar i Trondheim som brenn for systemendring og bærekraft. 

De vert herved oppmoda om å lese vidare for å bli kjende med kandidatane vi har innstilt? 

-JAS 

Tabellen viser valkomiteen si innstilling til nytt sentralstyre i Naturvernforbundet. Landsmøtet og valet skal skje på Hamar i slutten av april i 2022.

Valkomiteen si innstilling til nytt sentralstyre – kort informasjon om dei ulike kandidatane 

 

Leiar: Truls Gulowsen (attval) 

Truls vart vald som leiar av landsmøtet i 2021. Komiteen har eit framifrå godt inntrykk av leiergjerninga til Truls så langt. Audmjuk, tilstades og engasjerande internt, og ei kraftig, lojal og tydeleg røyst for Naturvernforbundet sin politikk eksternt. Dette bilete har vore stadfesta og forsterka gjennom intervjua valkomiteen har gjort med våre mange tillitvalde. Det var ingen tvil for oss at han skulle instillast til attval.

Truls er 47 år, bur i Oslo med to born og har kjærast i Stockholm. Han er naturforvaltar frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås med mellom andre professor Sigmund Hågvar som lærar. I studietida var han leiar for Studenttinget ved NMBU, medlem av Landsstyret i Norges studentorganisasjon, gasskraftaktivist og frivillig prosjektmedarbeidar for vasskraftrevisjonar i Naturvernforbundet.

Etter fullført studie på Ås byrja han i Greenpeace Norge, og han bidrog her til at organisasjonen i større grad enn tidlegare fungerte som ein del av norsk miljørørsle. Som leiar i Greenpeace frå 2007 til 2019 har han vore avgjerande i arbeidet med å styrke truverdet til organisasjonen og rolla i norsk miljøkamp. Etter dette arbeidde han som politisk rådgjevar i Regnskogfondet, og han var møtande vara i sentralstyret til Miljøpartiet dei Grøne (MDG). Truls har vore ei tydeleg røyst i norsk og internasjonal miljødebatt over lang tid. Truls har god erfaring med strategisk kampanjearbeid, media, politikk og forhandlingar med både miljørørsla, fagrørsla og næringslivet.

Første nestleiar: Pernille Hansen (attval)

Pernille vart vald som første nestleiar av landsmøtet i 2021. Som nestleiar har ho utmerka seg både i media og som organisasjons-byggar. Ho er hardtarbeidande, engasjert og får gode skussmål frå dei tillitsvalgte i organisasjonen. Komiteen innstiller på attval.

 

Ho er 37 år og har ein doktorgrad i språkvitenskap. Ho kjem frå Molde, bur i Oslo og arbeider som førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskolen i Innlandet. Før ho vart nestleiar, var Pernille vara til sentralstyret i tre år. I si tid i sentralstyret har ho mellom anna leia arbeidsgruppa «Naturvernforbundet fram mot 2030», arbeidet med nye etiske retningslinjer og retningslinjer for handtering av varslingssaker. Ho var også medlem av vedtektskomiteen fram mot landsmøtet i 2018. 

Frå 2016 til 2021 var Pernille leiar av Naturvernforbundet Oslo Øst. Tidlegare har ho vore regionsekretær (2005 – 2006), fylkesleiar (2007) og sentralstyremedlem (2007 – 2009) i Natur og Ungdom. Ho har dessutan vore tilsett i Naturvernforbundet Hordaland (2007) og Miljøagentane (2012), og er i dag Naturvernforbundet sin representant i Miljøagentane sitt sentralstyre.

 Pernille har arbeidd med og er interessert i eit stort spekter av miljøsaker, mellom anna klima, samferdsel og jordbruk. Ho har også arbeidd organisatorisk med medlemsvekst, opne arrangement og sosiale medium. Pernille er oppteken av å gjere Naturvernforbundet meir inkluderande og trekke fleire unge vaksne inn som aktive.

 

 Andre nestleiar: Randi Storhaug (ny)

Etter at Synnøve Kvamme ikkje ynskte å stille til attval som andre nestleiar var det viktig for valkomiteen å finne ein kandidat som kunne erstatte hennar lange organisasjonserfaring og sterke engasjement for klassisk naturvern. Det meiner vi at vi har funne i Randi Storhaug.

 Randi er 54 år, har 3 born og bur i Stavanger. Ho er utdanna gartnar og har eit hovudfag i biologi (økologi/zoologi) frå Universitetet i Tromsø. Ho har jobba i universitetsadministrasjonen i Tromsø, og hjå Statsforvalteren i Rogaland som rådgjevar for naturforvaltning med mellom anna Handlingsplan mot framande skadelege artar i Rogaland. Randi har også jobba i industrien og som koordinator for Jæren vassområde og arbeidar no i Sola kommune som rådgjevar for landbruks- og miljøsaker. Gjennom arbeidserfaring frå Statsforvaltar og kommunal forvaltning har ho erfaring og innsikt i planprosessar, korleis dei fungerer og korleis påverke.

Ho er i dag med i Landsstyret i Naturvernforbundet (sidan 2018) og fylkesstyret i Rogaland, og ho har vore aktiv i arbeidet med arbeidsprogrammet før landsmøtet. Randi er oppteken av at klima- og naturkrisa heng uløyseleg saman, og at redusert forbruk er nødvendig for å løyse desse krisene. Ho er oppteken av å ta vare på natur og matjord, og at nedbygging av natur for å bygge vindkraftanlegg, motorvegar, oppdrettsanlegg eller for å gjere plass til areal- og kraftkrevande industriar ikkje må tillatast på bekostning av desse verdiane.

Faste medlemmer i sentralstyret

Kjell M. Derås (attval)

Kjell har lang fartstid i Naturvernforbundet og i sentralstyret. Det siste året har han vore brukt som talsmann og representant for sentralstyret ved større arrangment. Valkomiteen tykkjer Kjell er god på å finne balansen mellom klimautfordringa og arealkonfliktane som har oppstått i samband med «det grøne» skiftet. Han har verdifull erfaring frå naturkampane, og vi innstiller han til attval.

Kjell har vore varamedlem og fast medlem i sentralstyret i Naturvernforbundet sidan 2015. Han er opprinneleg frå Namdalseid og har utdanning innan sosialt arbeid, jordbruk og media/formidling. Han har i ei årrekke arbeidd med formidling og forsvar av naturgrunnlaget for sørsamisk kultur, der bruk av bilde har stått sentralt. Han vart tidleg miljøaktivist og aktiv i samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (snm) på 1970-tallet. Han var sterkt engasjert i folkeaksjonen mot skytefelt på Fosen, Forrakampen og kampen mot utbygging av Alta Kautokeinovassdraget. Sidan har han jobba både med ei rekke store naturvernsaker og med formidling av naturglede. Han har også leia Fjellrevutvalet i Naturvernforbundet i 10 år. Kjell har budd mange år i Levanger og var leiar av lokallaget der (1994 – 2006). Han var landsstyrerepresentant for Nord-Trøndelag (2005-2015). I 2017 flytta Kjell til Billefjord i Porsanger, han er der tilknytta Sjøsamisk kompetansesenter. Dei siste åra har han vore aktiv i lokallag og i fylkesstyret i Finnmark. Han har vore spesielt engasjert i mellom anna Kalvvatnkampen, som vart vunnen i 2016, og andre vindkraftsaker, og i å dele erfaringar om bruk av sivil ulydnad. Kjell bur no i Alta og er 67 år. 

Katharina Karlsen Hessen (ny)

Katharina er 31 år. Ho er fødd og oppvaksen i i Harstad og vart med i Natur og ungdom som 13-åring. Etter vidaregåande reiste ho til California der ho tok utdanning i medieproduksjon og seinare jobba i mange år. Tilbake i Noreg i 2020 byrja ho på ein mastergrad i Internasjonale miljøstudier ved NMBU på Ås. Den er ho i ferd med å fullføre og den handlar om oppdrettsverksemd og sosial bærekraft, med fokus på nordnorske kystsamfunn. Utdanninga inneheld også miljøhistorie, økologisk økonomi, forvaltningsrett, bærekraftvitenskap med meir. Ho var med og starta lokallag til Naturvernforbundet i Ås i april 2021, og var leiar der til ho flytta til Sogndal februar 2022. Ho ynskjer no å starte lokallag i Sogndal og er spesielt oppteken av rekruttering og å inkludere flest mogleg i naturvernarbeid. Ho er også med i arbeidsprogramkomiteen for Naturvernforbundet.

Katharina er særs oppteken av villrein, oppdrett og marint vern, levande kystsamfunn og berekraftig forvaltning av fiskeriressursane. Ho meiner at distrikta må ha spesielt fokus i ein organisasjon som Naturvernforbundet. Ho har vore aktiv medlem i MDG, men meldte seg ut fordi ho tykte det vart for mykje tru på teknologiske grøne løysingar, mellom anna vindkraft på land og hav.

Lasse Eriksen Bjørn (ny)

Lasse Eriksen Bjørn er 25 år, sjøsame og frå Tromsø. For tida bur han i Oslo. Han jobbar som prosjektleiar i Samerådets arktis- og miljøavdeling, blant annet med prosjekter om å rydde opp avfallsdeponi i samiske områder på Kolahalvøya i Russland. Lasse gjer også ferdig ein bachelorgrad i matematikk. Lasse har vore sentralstyremedlem i Natur og Ungdom fra 2018 til 2020 kor han jobba med fiskeri, jordbruk og gruvesakene i Repparfjord og Førdefjorden. Lasse er ein av seks unge som saman med Natur og Ungdom og Greenpeace klagar høgsterettsdomen etter klimasøksmålet vidare til den Europeiske Menneskerettigheitsdomstolen (EMD). Lasse sine  hjertesaker er å stoppe klimaendringane, hindre nedbygging og tap av natur, og bevare og styrke urfolk sine rettigheiter. 

 

Varakandidatar 

Vararepresentantane vert innkalla til alle styremøtene. Dei har ikkje stemmerett, men full talerett på møta.

Første vara: Ingebjørg Marie Thorkildsen (attval) 

 Ingebjørg er ein god lagspelar som har bidrege med mange gode innspel styremøta i Naturvernforbundet. Valkomiteen ynskjer å ha ho med vidare og instiller ho som første vara.

Ingebjørg kjem frå Skoppum i Vestfold. Ingebjørg har vore møtande vara i sentralstyret sidan landsmøtet i 2021. Ho var aktiv i Natur og Ungdom frå 2015, både i lokallag, fylkeslag og landsstyret. Lokalt arbeidde ho mykje med samferdsel, klimarett og kampen mot dumping av gruveavfall i norske fjordar. Frå sommaren 2018 frem til januar 2021 var Ingebjørg sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Her arbeidde ho særleg med olje- og gruvesaker. Ingebjørg har også vore ein pådrivar for studentarbeidet i NU, og ho har vore tilsett som studentsekretær. Ho har også vore medlem av gruveutvalet til Naturvernforbundet. Ingebjørg er 22 år, studerer medier og kommunikasjon, og jobber ved sidan av som økonomi- og administrasjonsmedarbeidar i Zero. 

Andre vara: Gaebpien Hilde M Danielsen (ny)

Hilde er del av ein reindriftsfamilie, jobbar i Nordsjøen, er politisk aktiv og har med seg livsperspektiv og engasjement som valkomiteen vurderer som svært viktig i sentralstyret.

Ho er 40 år og 1. vara til Stortinget for Trøndelag SV. I tillegg har ho fleire andre verv i partiet og sit i kommunestyret i Røros. Det gjev ho verdifull polistisk kompetanse i vårt sentralstyre. Hilde er busett på Røros, er 4-barnsmor og urfolkskvinne. Ho er del av ein reindriftsfamillie som er knytta til saanti sijte / essand reinbeitedistrikt. I tillegg er ho turnusarbeider i Nordsjøen som kokk, og prosjektarbeider i samisk helseteam. Sakene som Hilde brenn for er urfolksaker, og kampen mot dei store arealinngrepa i våre felles fjell og kystområder som kjem som følgje av etablering av vindkraftindustri, hytteutbygging, kystnær fiskeoppdrett og gruveindustri. Ho tykkjer at naturen og moder jord ikkje kan tape meir.

Tredje vara: Øyvind Johnsen (attval)

Øyvind har fått gode skussmål for sine diplomatiske evner og har lang røynsle frå sentralstyret og organisasjonsarbeid. Han komplementerer dei andre kandidatane som valkomiteen har innstilt til sentralstyret på ein god måte og er innstilt som vara til sentralstyret.

Øyvind vart med i sentralstyret i 2015 og var nestleiar frå 2016-2021. Han er utdanna statsvitar, har vore fagdirektør og kommunikasjonsdirektør i Husbanken, styremedlem i Naturvernforbundet i Tønsbergdistriktet i ei årrekke, og han var leiar av Naturvernforbundet i Vestfold i perioden 2007 – 2018. Øyvind har vore engasjert i naturvern sidan ungdomsåra. Han var med i samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (snm) sine aksjonar mot skogsbilvegar i Nordmarka (Spålseter 1971 og Vidvangen 1972), deltok i snm sine grupper i økofilosofi og økopolitikk på 70-tallet og studerte økofilosofi med Sigmund Kvaløy Sætereng som rettleiar. Øyvind Johnsen er oppteken av at Naturvernforbundet skal vere ein brei og politisk uavhengig medlemsorganisasjon som tar vare på alle typar naturvern- og miljøengasjement. Øyvind Johnsen er 66 år og bur i Tønsberg. 

Fjerde vara: Gaute Rolv Dahl (attval)

 

Gaute har bak seg ein periode som vara til sentralstyret. Hans kompetanse er vurdert som viktig å ha i sentralstyret, og han er difor innstilt som vara.

 

Gaute vart vald inn som vara i sentralstyret i 2021. Han er 51 år, har to born, kjem opprinneleg frå Mo i Rana og bur no i Trondheim. Han har vore aktiv i miljørørsla sidan han melde seg inn Natur og Ungdom i 1986 og har etter det m.a. vore aktiv i Spar Saltfjellet. I dag er han leiar av Naturvernforbundet i Trondheim. Gaute er utdanna samfunnsgeograf og jobbar i dag med samferdsel i Trøndelag fylkeskommune. Han er også 50 % frikjøpt som tillitsvald på arbeidsplassen. Gaute er oppteken av økologisk bærekraft, arealkonfliktar og bevaring av natur (vegbygging, vindkraftverk, skogsaker, rovvilt m.m.) for å sikre livsgrunnlaget for menneskeheita. Gaute ser behov for å styrke organisasjonen og at jobbing med enkeltsaker kan bidra til haldnings- og systemendringar.