Stang forvekslar kvitfarge med grønt skifte

NHO-direktør Jan Atle Stang har brått vorte oppteken av klima.

Det har han ikkje vore tidlegare, når han har uttalt seg om oljeindustrien.

– Vi må få meir av inntektene og vi må få meir av arbeidsplassane knytt til petroleumsnæringa. Her har vi eit kjempepotensial, sa Stang til NRK Sogn og Fjordane 11. januar 2013. No er det grøne mineral, grøn teknologi og eit sterkt ynskje om å nå klimamåla som er viktige for Stang. Auka mineralutvinning er naudsynt for klima og bra for verdiskapinga, skriv han i Firda torsdag. Han legg til: Norge og Sogn og Fjordane sit på store mineralressursar, og desse må sjølvsagt nyttast for at vi skal nå klimamåla.

Naturvernforbundet er svært glad for at NHO-direktøren er oppteken av klima og det grøne skiftet (nemnt 4 gonger i artikkelen). Men vi kan ikkje redde klimaet ved å øydeleggje naturen og livsgrunnlaget vårt i same slengen. Den verdiskapinga Stang arbeider for, må ikkje kome i form av ei miljøøydande gruve, som berre vil generere eit fåtal nye arbeidsplassar. Den vil tvert om truge eksisterande næringar. Det er viktig å stille strenge miljøkrav til gruvedrift, og vi kjem ikkje utanom at mineral er ikkje-fornybare ressursar. Meir mineral må gjenvinnast, og forbruket må ned, særleg i dei landa som brukar mest.

Stang snakkar om minerala som er viktige i det grøne skiftet, men synes å gløyme at rutilen frå Engebø i hovudsak vil bli nytta som fargepigment. Berre rundt fem prosent av titandioksiden blir vidareforedla til titan, noko som betyr at det allereie vert teke ut meir enn nok rutil i verda til å dekke titanproduksjonen.

Milliardane triller inn gjennom debattinnlegget. Fakta trillar derimot ut.

– Vi må leve med deponering av overskotsmassar i sjøen fordi det er vurdert som den miljømessige beste og tryggaste løysinga, skriv Stang.

Nei, vi må ikkje leve med det. Det finst alternativ til sjødeponi. Underjordsdrift, tilbakefylling og alternativ bruk må vere føresetnader for gruvedrift.

Det er ei myte at vi er så mykje betre enn resten av verda. Vi er eitt av berre fem land som gjev løyve til å halde fram med å dumpe avfall i havet. Det er ein grunn til at resten av verda har forbode slike sjødeponi.

Nordic Mining hevdar hardnakka at avfallet dei ynskjer å dumpe i Førdefjorden ikkje er giftig. Dette stemmer dårleg med søknaden om utslepp av store mengder svovelsyre, natriumsilikat, fosforsyreesterar, karbonsyre og akrylamid (Magnafloc 155). Dette er sterke syrer, basar og løysemiddel. Av massen vil i tillegg fleire hundre tusen tonn i året vera partiklar under ti mikrometer, og ein del av dette som nanopartiklar. Forsking har vist at titandioksid nanopartiklar kan gje stor skade på sjølevande organismar, og det har nyleg blitt retta merksemd mot dette produktet, brukt i solkrem og kosmetikk, på grunn av den store kreftfaren.

Dette kallar Stang “den miljømessige beste og tryggaste løysinga”. Det er tydelig at NHO-direktøren forvekslar kvitfarge med grønt skifte.

Marit Bendz
Fylkessekretær hjå Naturvernfobundet i Sogn og Fjordane

Silje Ask Lundberg
Leiar i Naturvernforbundet

På trykk i Firdaposten, 23.12.2016