Fråsegn frå landsmøtet 2018: Forby framande treslag med økologisk risiko
I fleire år har det vore søknadsplikt når ein vil plante utanlandske treslag i skogen. Sakshandsaminga viser at det svært sjeldan er forsvarleg å plante ut dei mest aktuelle treslaga, som til dømes sitkagran og vrifuru. Dei langsiktige verknadene kjenner vi dessutan lite til.
No er tida inne for å gå eit nytt steg i arbeidet med dei utanlandske treslaga sin plass i norsk natur. Utanlandske treslag med svært høg risiko (SE), høg risiko (HI) og potensiell høg risiko (PH) bør det vere forbode å plante til skogbruksføremål. Dei resterande bør ein bli ytterlegare varsame med å bruke.
Ei innstramming av ordninga vil spare mange for bruk av mykje ressursar. Ressursar som med fordel kan bli brukt til å fjerne allereie planta skog som viser seg å gjere økologisk skade. Det viser seg mellom anna at mange av dei utanlandske treslaga spreier seg til verna område, der det er svært kostbart å fjerne dei igjen.