Kva skal Naturvernforbundet arbeide med?
Naturvernforbundet sender no framlegget til nytt arbeidsprogram for dei komande to åra på høyring til lokal- og fylkeslag og nasjonale utval. Fristen for å kome med innspel er 25. august. Det nye arbeidsprogrammet skal vedtakast på Naturvernforbundet sitt landsmøte i november.

Naturvernforbundet er ein landsdekkande demokratisk organisasjon, og vi meislar ut hovudsatsingane våre på landsmøta våre, gjennom arbeidsprogrammet. Ein komité nedsett av landsstyret har jobba fram eit utkast til arbeidsprogram for tida mellom landsmøtet 2026 og landsmøtet 2028. No sender vi dette på høyring hos lokal- og fylkeslag og nasjonale utval, med frist for svar 25. august.
– Vi oppmodar alle tillitsvalde til å lese utkastet til arbeidsprogram og sende oss innspel og kommentarar. Arbeidsprogrammet er viktig. Det er her vi avgjer kva saker Naturvernforbundet skal prioritere dei to neste åra, seier Pernille Bonnevie Hansen, nestleiar i Naturvernforbundet og leiar i arbeidsprogramkomiteen.
Arbeidsprogrammet inneheld 4 hovudmål, med delmål innan kvart område. Dei to første hovudmåla dreier seg om korleis me møter natur- og klimakrisa. Det tredje hovudmålet handlar om å auke engasjement, kunnskap og oppslutning for sakene våre. Under det fjerde hovudmålet skisserer me delmål for ein sterk og brei organisasjon, i tråd med ambisjonar for Naturvernforbundet for 2030 vedteke på landsmøtet i 2022.
Arbeidsprogramkomiteen:
Leiar: Pernille Bonnevie Hansen, nestleder (sentralstyret)
Medlem: Silje Synøve Høgelid, Oslo og Akershus (fylkeslag/landsstyret)
Medlem: Frode Solbakken, Nordland (fylkeslag)
Medlem: Synnøve Haga, Molde (lokallag)
Medlem: Hans Christian Deilhaug, Midt-Telemark (lokallag)
Medlem: Brage Bøe Ulstein, Bergen (oppnemnt av Natur og Ungdom)
Kva er arbeidsprogrammet?
Mens prinsipprogrammet fastslår kva Naturvernforbundet meiner, er arbeidsprogrammet dokumentet som styrer retninga for hovudsatsingar og kva vi skal prioritere å gjere. Arbeidsprogrammet skal gje retning for heile organisasjonen.
Tidlegare inneheldt arbeidsprogrammet til Naturvernforbundet lange punktlister med gjeremål. Dette gjorde at dokumentet ikkje fungerte som overordna styringsverktøy. I 2024 la vi om til eit arbeidsprogram som fokuserer meir på mål og retning, med fire hovudmål og nummererte undermål formulert som underoverskrifter, med korte tekster for å utdjupe. Denne forma har vi halde på i utkastet som no er ute på høyring. Vi har prøvd å jobbe fram målbare formuleringar, vere realistiske og ta omsyn til den politiske situasjonen og Naturvernforbundets sine avgrensa ressursar.
– Komiteen ser fram til tilbakemeldingar frå lag og utval! Dei vil levere sitt endelege forslag til landsstyret i september, slik at dei kan kome med ei innstilling til landsmøtet, som gjer det endelege vedtaket, seier Hansen.
Spørsmål kan rettast til arbeidskomite@naturvernforbundet.no.