Reguler elsykkeltrafikk i utmark!
Uttalelse vedtatt på Naturvernforbundets landsmøte 8.11.2026
Louise ThoresenI Hallingdal er det ei stor satsing på vinterturisme, med mange skiheisar, preparerte skiløyper samt hotell og overnattingsbedrifter. Ettersom klimaet er vorte varmare dei seinare åra, vert vintrane kortare, og vinterturistnæringa ser seg om etter nye metodar for å tiltrekkje seg turistar i vår-, sommar- og hausthalvåret.
Satsinga på sykkelturismen er difor aukande, og særleg er det mange elsyklistar som tek stolheisen opp og syklar ned på stigar som tidlegare har vore mest brukt av gåande. Me ser ein aukande tendens til at dei gamle stigane vert planert, utvida og rydda for stein for å leggje til rette for syklistar. I tillegg vel fleire å køyre utanfor løypar og stigar, noko som slit ned enda større område med natur. Problemet med elsyklane er at dei er tyngre enn vanlege syklar og gjer difor meir skade på terrenget. Dei kan også senke terskelen for å kome seg ut i fjellterrenget og slik sett auke den samla belastninga.
Mange av elsyklistane køyrer også i viktiga beiteområde. Den tradisjonelle stølsdrifta er inne på UNESCO si verdensarvliste og treng vern. Samtidig er mange bønder urolege for beitedyra, som stadig vert forstyrra av syklistane. Ofte vert søye og lam skremt vekk frå kvarandre. Det er også lett å teinkje seg at dyrelivet, som fugl som rugar på egg, vert forstyrra. Heiloen, som tidlegare var vanleg i fjellområda i Hallingdal, høyrer me ikkje lenger.
Me må betre ivareta naturen og stølsdrifta i området. Naturen, dyra, og tradisjonane våre er viktig delar av vår verdifulle kulturarv og bør ikkje bli vaska vekk av ein industri som tenar pengar på å vise dei fram. Derfor krev Naturvernforbundet at kommunane i Hallingdal regulerer elsykkeltrafikken i utmarka på ein slik måte at sykkelturismen ikkje øydelegg for vår felles natur, kulturarv og det biologiske mangfaldet.