Svar til NHO 27. desember 2016

I VG på torsdag fekk vi presentert NHOs julegåve til gruveselskapa og seg sjølv, ein rapport frå NGU med tittelen «Mineraler for det grønne skiftet». Her presenterer NHO-direktøren storstilt mineralutvinning som løysinga på både klimakrisa og det grøne skiftet.

Naturvernforbundet er glad for at NHO er oppteken av klima og det grøne skiftet, det er berre så synd at dei har misforstått kva eit grønt skifte er. Kristin Skogen Lund meiner vi må tåle dei naturinngrepa som gruvedrift fører til, for å redde klimaet. Ho ikkje har skjønt at naturen er grunnmuren i både samfunnet og økonomien vår. Den er sjølve livsgrunnlaget vårt. Det er meiningslaust å redde klimaet dersom vi øydelegg naturen i same slengen. Ein artsrik natur er ein robust natur, noko som er spesielt viktig i møte med klimaendringane.

I det grøne skiftet må vi omstille oss frå bruk av fossile energikjelder og naturøydelegging, til eit samfunn i pakt med klimaet og naturen. Vi treng arbeidsplassar som spelar på lag med naturen, ikkje som øydelegg den. Vi kan ikkje ha eit grønt skifte utan å ta vare på det grøne.

Mineralutvinning skal ha ein plass også i det grøne skiftet, men då må miljøkrava vere strenge. Det vil seie underjordsdrift framfor dagbrot og maksimal utnyttinga av massane, ikkje berre fem prosent. Restmassane må fyllast attende i gruva, ikkje dumpast i fjordane våre. Utan slike krav vert det ikkje utvikla teknologi som er naudsynt for det grøne skiftet.

Mineral er ikkje-fornybare ressursar, og det er underleg å sjå at NHO stiller seg i spissen for den veldige sløsinga av mineralressursar. Dersom NHO meiner minerala er så viktige, kvifor kjempar dei ikkje for å sikre at dei varer lenger enn vår generasjon?

Det raraste er at NHO ser bort frå andre store næringar under NHO–paraplyen, dei som er avhengige av reine, friske fjordar og eit godt omdøme. Både NHO reiseliv og Sjømat Norge har bedt regjeringa gå mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden. NHO-direktøren framstiller dette som «lokal støy», og har tydelegvis ikkje fått med seg at denne debatten slett ikkje er lokal, men internasjonal.

Det vert ikkje noko grønt skifte av å drive rovdrift på naturen for å produsere flest mogleg mobilar, elbilar, fly og vindmøller, slik NHO synest å meine. Tvert imot. Forbruket i dei rike landa må faktisk ned, og ikkje minst må vi bruke om att og attvinne meir av ressursane.

Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet

På trykk i VG 27. desember 2016