Åtvarar mot omkamp om verneplanen for vassdrag

Naturvernforbundet ber Stortinget slå ring rundt vassdragsvernet og gjøre det klart at ei opprusting av Verma kraftverk må skje innanfor dei rammene som er lagt.

Rauma Energi AS, som eit energiselskap eigd av Rauma kommune, har fremja utbyggingsforslag som er i strid med vernet av Rauma-Ulvåa og fleire verneområde. Naturvernforbundet meiner Rauma Energi provoserer unødvendig i denne saka. Samstundes har Naturvernforbundet laga ei skisse for ei løysing som skal kunne gjennomførast utan å kome i konflikt med verneområda. Forslaget blei sendt til NVE i desember 2009, og NVE har no pålagt Rauma Energi AS å utgreie dette alternativet nærare.

Stort engasjement
Det har over tid vore eit stort engasjement rundt opprusting av Verma kraftverk i Rauma kommune. Det ligg eit stort potensiale for auka kraftproduksjon ved ei opprusting av det gamle kraftverket, og det ligg eit stort potensiale for store vanskar både innan kraftutbygging og vassdragsvern viss ein trør feil. Verneplanane for vassdrag har blitt til gjennom langvarige prosessar sidan 1960-talet. Dersom ein no går inn for å endre vernet av verna vassdrag vil det være eit stort tilbakesteg. Det vil auke konfliktnivået i slike saker og kan føre til at det blir vanskeligare å få aksept sjølv for gode utbyggingsalternativ andre stader.

Bevar verneverdiane
Skilnaden mellom eit godt opprustingstiltak i Verma og ein vernemessig kollaps er 20 GWh, om lag det same som eit småkraftverk produserar. Naturvernforbundet ber i eit brev til energi- og miljøkomiteen på Stortinget om at dei initiativa som går på å undergrave norsk vassdragsvern og Samla plan blir avviste.
– Stortinget bør i staden gå inn for ei opprusting som både gir meir kraft, men som samtidig bevarer verneverdiane i området, skriv leiar Lars Haltbrekken og fylkesleiar Øystein Folden.


Les heile brevet til energi- og miljøkomiteen her

Skulle engasjementet frå Rauma Energi AS og ein del av politikarane frå Møre og Romsdal føre fram, vil Storhaugenløysinga føre til endring av vern for eit landskapsvernområde både ved dammen og reguleringsstrekningar for elva, og nede i dalen som følgje av eit nytt behov for kraftline. Vidare vil det bli redusert vassføring i det nasjonale laksevassdraget Rauma på ein to og ein halv kilometer lang strekning. Sist, men ikkje minst vil det krevje endringar i vernebestemmelsane i samla plan.  
– Slike forsøk på omkamp i eit av dei mest verdifulle vassdraga i Noreg vil ikkje gjøre utbygging av fornybar energi enklare i framtida, meiner Naturvernforbundet.