Forbod mot markberedning med store maskinar etter hogst
Uttalelse vedtatt på Naturvernforbundets landsmøte 8.11.2026
Sigve ReisoMarkberedning etter hogst er i ferd med å bre om seg som metode for å få ny skog til å vekse opp etter ein flathogst. Stubbar frå hogde tre og det øverste humuslaget i skogbotnen vert gravd opp, noko som har negative konsekvensar for det biologiske mangfaldet i jorda. Oppgravingen skader soppvevet, mykorrhizaen og annet mikroliv i jorda. Små og store dyr mister levestadar.
Når humuslaget vert harva opp, fører det til at næringsstoffa og tungmetallar vert frigjort, og dei vil lettare kunne renne ut i og forureine vassdraga. Slik avrenning skaper økologisk ubalanse ved at algeveksten aukar og kan gje dårleg forhold for fisk og andre vatnlevende dyr, både i vassdrag og i fjorden nedstraums. Mange vassforekomstar i Noreg har ein så dårlig miljøtilstand at ytterlegare avrenning etter markberedninga er svært uheldig.
Nedbrytinga av organisk materiale fører også til auka utslepp av klimagassen CO2. Gamle dyretråkk vert rive sund, og det same gjeld stigar som folk ferdast på.
Naturvernforbundet meiner difor at det må innførast forbod mot markberedning med store maskinar etter hogst.