Kommune seier nei til storutbygging!

Fleirtalet i kommunestyret i Luster i Sogn og Fjordane sa tirsdag 18. okt nei til å tilrå utbygging av dei siste vassdraga i Jostedalen. – Den økonomiske kompensasjonen er for liten til å ofre så store naturverdiar, er omkvedet.

Eit fleirtal på 16 sa eit førebels nei til takrenneprosjektet som skulle fange opp åtte elvar på vestsida av Jostedalen, med ein produksjon på 135 gwh. I tillegg vil Statkraft bygge ut 48 gwh frå ei stor elv på austsida, Vigdøla, som allereie har eit kraftverk som nyttar nedbørsfelta somligg høagre enn 1200 meter. Til saman er prosjekta mellom dei 10 største av dei mangte hundre utbyggingssakene som for tida er under vurdering på landsbasis.

13 stemte for å gi konsesjon, med visse atterhald om vilkåra.

Sentralt medlem i den lokale aksjonsnemnda mot utbygging Oddmund Hoel, er glad for vedtaket, og håpar resultatet står seg i den vidare handsaminga. Rådmannen og fleirtalet i formannskapet har sagt nei fordi utbygginga gir alt for lite tilbake til kommunen, samstundes som kommunen og Jostedalen alt er hardt belasta av kraftutbygging. Kraft tilsvarande meir enn 1300 gwh er så langt bygd ut i dalen. Skulle desse nye prosjekta gå gjennom, ville einaste uregulerte elva nær busetnaden i den ekstremt vassrike dalen vere elva som kjem frå Nigardsbreen, som renn gjennom eit naturrreservat.

– Sjølv om kommunen seier nei, er ikkje spørsmålet avgjort, seier Hoel. – Men Aksjonskomiteen vil følge saka og stå på vidare til siste ord er sagt. Naturvernforbundet både lokalt og sentralt har heile vegen vore ein viktig støttespelar , og med sameinte krefter skal dette gå rette vegen …

Les meir på Aksjonsnemndas informative  heimeside her
Fråsegn frå Naturvernforbundet S&FJ om Vestsideelvane.doc
Fråsegn frå Naturvernforbundet S&Fj om Vigdøla.doc