Naturvernkjempen Magne Midttun er død

Magne Midttun døde 28. august, 86 år gammel. Magne Midttun bygde opp Naturvernforbundet slik vi kjenner det i dag og hadde en enorm betydning for naturvernarbeidet i Norge. Les nekrologen her.

Magne Midttun nærbilde

Midttun var Naturvernforbundets første generalsekretær etter reorganiseringen i 1963. Han satt i stillingen helt fram til 1978.

Nåværende generalsekretær Jan Thomas Odegard karakteriserer Magne Midttun som en kjempe i norsk naturvern, med store kunnskaper og et stort engasjement som ga resultarer.

Følgende nekrolog er forfattet av hans venner i Naturvernforbundet:

Magne Midttun
 

Store tre i skogen har ofte namn.  Magne Midttun er namnet på eit slikt tre.  Han stod gjennom storm og brann.  Med krone som ikkje var sett på han; ho vaks naturleg fram. 28. august døydde han, 86 år gammal.

Magne Midttun var generalsekretær i Norges Naturvernforbund frå 1963 til 1978, etter at han stod i spissen for å omorganisere Landsforbundet for naturvern i Norge til ein moderne og demokratisk medlemsorganisasjon.  Det som då fanst av naturvernadministrasjon utanfor Kyrkje- og undervisningsdepartementet var ein person, Statens Naturverninspektør.  

Etter omorganiseringa skreiv Aftenposten at det nye forbundet vil sikkert få vind i segla.  Dette skulle i høg grad slå til.  Naturvern var ein ny idé i tida, og Magne var den avgjerande drivkrafta som klarde å gje stemninga makt til endring.  Han hadde store kunnskapar, djup økologisk innsikt tidlegare enn dei fleste, og han hadde ein veldig organisatorisk energi.  Med denne utrustninga sette han raskt sitt preg på den ideologiske og politisk debatten om naturvernspørsmål og på praktiske, konkrete naturverntiltak.  Den retninga han gav Norges Naturvernforbund for 40 år sidan, held langt på veg mål den dag i dag.  Dei prinsippa han formulerte for vår omgang med naturen, har Stortinget vedteke fleire gonger.  Men ofte svikta den praktiske gjennomføringa.

Magne Midttun hadde formell utdanning i skogfag og viltbiologi.  Han deltok på fleire europeiske møte og konferansar om naturvernspørsmål.  Gjennom dette fekk han både kunnskap og nye idear.  Med anar i Sogn og oppvekst i Telemark stod han så trygt planta i det norske at han var open for både nye og framande impulsar.  Magne Midttun var sterk når han var sikker, men ingen fanatikar.  Han var ei leiestjerne for mange, og æresmedlem i Naturvernforbundet. 

Gjermund Andersen
Per Flatberg
Jan Thomas Odegard
Erik Solheim