Uvettig forvaltning

Rovviltnemnda i Region 6 vil ha ei kvote for lisensjakta på 45 jerv, om lag halvparten av den samla bestanden i Midt-Noreg. – Dette er ikkje forsvarleg, seier Per Flatberg

-Både samla kvote og spesielt forvaltningen av den sørvestlege bestanden er uakseptabel, presiserer Flatberg. Naturvernforbundet har derfor klaga vedtaket inn for Miljølverndepartementet.
-Ynglemålet for Møre og Romsdal på tre er ikkje nådd, sjølv viss ein tar med den ynglinga som fann stad i Trollheimen, men som ligg utanfor yngleområdet. Ynglemålet for Sør-Trøndelag er berre nådd om ein reknar med ei yngling litt utanfor yngleområdet. I dei tilgrensande fjellområda i Oppland, falt talet på ynglingar i fjor for første gang under målet på fire kull. Det står i det heile ikkje bra til med den sørvestlege jervestammen, og bestanden kan moglegvis vere nesten halvert på nokre få år, forklarer Flatberg.
Jerven høyrer naturleg til i økosystem knytt til fjellet, men vurderingar av kva som skjer med økosystem utan jerv er heller ikkje denne gongen teke med i rovviltnemda si handsaming.
Naturvernforbundet meiner at jakt på jerv, i den grad dette er nødvendig, må skje i Nord-Trøndelag der det er påvist ein del fleire ynglingar enn målet i forvaltningsplanen. Men ei kvote totalt for heile regionen på 45 er alt for høgt, all den tid det utgjer halvparten av den totale bestanden.