Vern kysten og tareskogen mot taretråling

Nedgongen i livet i dei kystnære økosystema og bestandane av sjøfuglar er dramatisk. Årsakane er mange, og taretråling av verdifulle tareskogar er ein av verstingane.

Uttalelse vedtatt på Naturvernforbundets landsmøte på Hamar 22.-24. april 2022

Nedgongen i livet i dei kystnære økosystema og bestandane av sjøfuglar er dramatisk. Årsakane er mange, men taretråling av verdifulle tareskogar er ein av verstingane. Over 100.000 små organismar lever på eit friskt stortareblad og det er ikkje uvanleg å finne 100 ulike artar på ei einaste plante. Dette er mat for fiskeyngel, og dei store skogane av tare gjev gjøymestadar som bidreg til at dei er dei rikaste og mest varierte økosystema vi har i Noreg. Desse økosystema er igjen ein viktig motor for verdiane som vert hausta av fiskarane våre.

Tareskogane langs norskekysten er ein undervurdert klimahelt som bind over 13 millionar tonn CO2 i året. Det tilsvarar ein firedel av dei norske CO2-utslippa kvart år. Ein del av dette karbonet returnerar ikkje til atmosfæren, men vert frakta med straumar til havdjupet der det vert langtidslagra som sediment.

Det tek tid for taren å reetablere seg etter hausting, og mykje lenger for organismane der å komme tilbake. Dagens politikk med taretråling, som inkluderer dei mest verdifulle tareskogane vi har, representerer difor ikkje berekraftig bruk av havet. Vi er vidare uroa over den utstrakte bruken av det giftige kjemikalet formaldehyd i taretråling og moglege utslepp av denne samt bifangst av hummer.

Naturvernforbundet krev fokus på øydeleggingane som følgje av taretråling, og vil jobba for vern av dei viktige tareskogane. Taretråling i verneområder og fredningsområder for hummer er helt uakseptabelt. Naturvernforbundet krev at naturøydeleggjande hausting av tareskogane langs kysten vert stoppa.